Moderne importord
Forskingsprosjektet Moderne importord blei initiert av Nordisk språkråd og sett i gang hausten 2001. Det er finansiert i hovudsak av NOS-H, NorFa, Noregs forskingsråd og Nordisk språkråd (og frå 2004 Nordplus Språk). Prosjektet har som mål å lage ei jamførande oversikt over korleis moderne importord blir behandla i språka i Norden i både norm og bruk, og å skaffe generell innsikt i vilkår for språkholdningar og spesiell innsikt i holdningane til importord i Norden.