Norsk språkhistorie (4 bind)

Hovudredaktørar: Helge Sandøy og Agnete Nesse

Ei rekkje leiande språkforskarar ved norske universitet og høgskolar har skrive eit nytt norsk språkhistorisk verk i fire bind. Dette er første store samanhengande norske språkhistoria, og målet har vore å lage eit oppdatert og moderne fagleg referanseverk basert på nyare forsking. Språkhistoria gir ny innsikt i og ny forståing for samanhengar i norsk språk og det norske språksamfunnet. Ei språkhistorie gir viktige premissar for den kulturelle sjølvforståinga i samfunnet, og derfor er denne disiplinen ein sentral undervisningsdisiplin i nordiskfaget. Gjennom forskingsbasert undervisning på universitets- og høgskolenivå blir nye innsikter formidla til skoleverk og allmennkultur. Eit nyskrive språkhistorieverk sikrar enda betre denne «innsiktsflyten» frå forskingsmiljø til allmente.

Dei vitskaplege standardverka innom faget språkhistorie har til nå vore Gustav Indrebøs Norsk målsoga (som går fram til og med Ivar Aasen) frå 1951, Didrik Arup Seips Norsk språkhistorie til omkring 1370 (1955) og Einar Haugens Riksspråk og folkemål (om tida 1907–1966) frå 1969. Eigentleg har vi aldri hatt ei heildekkjande vitskapleg språkhistorie i Noreg – før nå.


Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 6): Could not find asset snippets/sh_cfm-collection-snippet.liquid