MIN 8. Omdal/Sandøy (red): Nasjonal eller internasjonal skrivemåte

MIN 8. Omdal/Sandøy (red): Nasjonal eller internasjonal skrivemåte

  • 240,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Om importord i seks nordiske språksamfunn

Ordet scooter kom frå engelsk til dei nordiske språka på 1950-talet. Både kjøretøyet og ordet er blitt verande her seinare. Men korleis behandlar vi ordet? Vi finn f.eks. alle desse skrivemåtane: scooter, skuter, skoter, skutari, scootari, scotari, skooteri. Dei viser at språkbrukarane har ein vilje til å gi ordet ein heimlig skrivemåte (ortografi) i samsvar med uttalen, men dei viser også at denne integreringa ikkje er heilt vellykka alltid. Dette ordet får nok aller oftast heimlig bøyingsending i fleirtal, men airbag heiter derimot ofte airbags i fleirtal. Her ser ein eksempel på at integreringa i det heimlige bøyingssystemet (morfologien) vaklar.

Slike spørsmål om korleis vi integrerer utalandske ord i skriftmålet, kan vise forskjellar mellom språkkulturane i dei nordiske landa, og dei kan gi grunnlag for refleksjonar kring den symbolske og sosiale rolla skrivemåtar har, og kva som er føresetnadane for skrivetradisjonane våre. Dessutan har ein bruk for å definere både dei konkrete språklege problema vi har med ortografisk og morfologisk integrering, og omfanget av skrivemåtar som vik av frå dei heimlege staveprinsippa og bøyingsmåtane. Sist, men ikkje minst er det av språkpolitisk interesse å ha avklart den faktiske situasjonen.

Prosjektet Moderne importord i språka i Norden (MIN) tok opp desse spørsmåla i eit delprosjekt om tilpassing av moderne importord i nordiske skriftspråk, og forskingsrapportane frå dei ymse språka blir presentert her. Ásta Svavardóttir skriv om situasjonen i islandsk, Hanna Simonsen og Helge Sandøy har analysert den færøyske språkpraksisen, og Helge Omdal den norske. Dansk er analysert av Margrethe Heidemann Andersen og Pia Jarvad, og Åsa Mickwitz har jamført den finlandssvenske og sverigesvenske praksisen i ein og same artikkel. Helge Omdal har skrive både innleiing og ein oppsummeringartikkel.

Moderne importord i språka i Norden 8.

ISBN 978-82-7099-490-8, 187 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,4 kg, publiseringsår 2008


We Also Recommend

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid