NSH III – Ideologi


Bindredaktør: Tove Bull

Dette bandet handlar om språkpolitikk i vid forstand, med andre ord om idear og forestillingar om kva språk er, om oppfatningar av og holdningar til språk, diakront og synkront. Det tar vidare for seg sentrale trekk ved norsk språkhistorieskriving og ved norsk normerings- og standardiseringshistorie. I tillegg får nasjonale og regionale språkidentitetar ein sentral plass i bandet.

 

Kapittel 1: Norsk språkhistorieskriving

Av Oddmund Løkensgard Hoel

Føremålet med dette kapittelet er å gje ei historisk framstilling av norsk språkhistorieskriving som vitskapleg aktivitet. Det tek både føre seg språkhistoriske forsk­ings­arbeid og framstillingar som har retta seg mot ein breiare lesarkrins, men det avgrensar seg frå klart ikkje-faglege framstillingar av amatørhistorikarar. Overordna spørsmål er kva emne og periodar språkhistorikarane har vore opptekne av til ulike tider og korleis framstillingane deira er forma i skjeringspunktet mellom vitskaplege og språkideologiske endringar. Kapittelet er kronologisk inndelt i sju bolkar som prøver å fanga typiske overordna trekk i kvar periode.

Eit gjennomgåande tema i den fyrste halvdelen av kapittelet er korleis språkhistorieskrivinga dels vart innrullert i den breie nasjonsbygginga, og dels vart vitskapleggjort gjennom den rivande utviklinga i språkvitskapen. Det galdt fyrst den historisk-samanliknande lingvistikken, og seinare (frå 1870-åra) den evolusjon­istiske. I denne perioden var språkvitskapen i hovudsak diakront orientert. Hovudtemaet for bolken frå 1915 til 1945 er den gjensidige påverknaden mellom språkhistorieskrivinga og språkstriden. Bolkane om etterkrigstida tek føre seg korleis språkhistorieskrivinga vart påverka av nye teoretiske impulsar, fyrst den avideologiserte empirismen og utfordringa frå den synkront orienterte strukturlingvistikken, og seinare frå sosiolingvistikken og ei breiare kulturhistorisk orientering. Sjølv om norsk språkhistorie aldri har vore eit stort felt målt i talet på publiserte arbeid og aktive forskarar, blir det lagt vekt på ekspansjonen i disiplinen gjennom perioden, og dei institusjonelle rammene for den språkhistoriske aktiviteten blir tematisert.

 

Kapittel 2: Idéhistoria om norsk språk

Av Helge Sandøy

Det er ikkje opplagt at folk oppfattar morsmålet sitt som eit spesielt språk som har noko namn. Språket kan bli oppfatta som noko sjølvsagt og ikkje meir. Dét har sosialantropologar vist oss frå framande kulturar i dag, og det ser ut til at det òg var slik for forfedrane våre for nokre hundreår sidan. Men så utviklar kulturen omgrep og legg verdiar til språket slik at det blir eit symbol og eit kulturobjekt som vi dyrkar – til dels intenst.

Dette kapittelet prøver å vise korleis språket blir ideologisert i samfunnet, og kva funksjonar denne utviklinga kan tene. Det legg mest vekt på korleis det skjer i Noreg, men vi må sjå til nabospråka våre i dei første hundreåra, for det var jo ikkje opplagt at norsk var eit språk. Dette omgrepet har utvikla seg opp gjennom tida, og den norske språkstriden kan vi sjå på som ein strid òg om språkomgrepet. Det omgrepet er ikkje endeleg avgjort.

Drøftinga av idéane om norsk språk kan vise oss korleis og korfor språket er så viktig langt utover det å vere eit kommunikasjonsmiddel.

 

Kapittel 3: Nasjonale og regionale identiteter

Av Brit Mæhlum og Stian Hårstad

Dette kapitlet tar for seg sentrale aspekter knyttet til hvordan opplevelsen av nasjonal og regional identitet på norsk territorium kan relateres til ulike språklige forhold. Både kildegrunnlag og faglig tilnærming er derfor med nødvendighet mangfoldig. I tillegg er det viktig å påpeke hvordan dette for en stor del dreier seg om dimensjoner som ikke kan leses direkte ut av et gitt kildemateriale. Kapitlet er delt i 6 bolker, som på ulikt vis omhandler det overordnete temaet. Innledningsvis blir det forsøkt etablert et teoretisk grunnlag for hvordan språk er blitt knyttet sammen med ulike former for territoriell tilhørighet. Deretter følger en historisk gjennomgang av hvordan territoriet Norge opp gjennom tidene både har latt seg avgrense og inndeles – geografisk og forsøksvis språklig. Det er like fullt vanskelig å trekke systematiske og kontinuerlige tidslinjer i denne komplekse materien. Store deler av kapitlet består derfor av noen utvalgte temaer som er spesielt vel­egnet til å belyse relasjonen mellom en nasjonal eller regional tilhørighet på én side og ulike språklige praksisformer på den andre.

 

Kapittel 4: Standardspråk og normering

Av Lars S. Vikør

Kapittelet tar utgangspunkt i sentrale termar som korrektheit, språknorm og standardspråk, som blir definert og drøfta ut frå ulike premissar. Eit standardspråk er såleis både eit ideologisk omgrep, som baserer seg på individuelle og kollektive haldningar til ulike språkvarietetar i eit samfunn, og ein empirisk term, brukt om ein eller fleire språkvarietetar som faktisk finst og blir nytta i eit samfunn.

Eit steg over til det empiriske får vi når vi tar for oss skapinga og utviklinga av standardspråk: språknormering. Vi demonstrerer korleis også denne aktiviteten kan sjåast og beskrivast frå ulike synsvinklar og med vekt på ulike aspekt.

Deretter beskriv vi den konkrete språknormeringa og resultata av den i den norske språkhistoria. Først kjem eit kort riss av normstrukturen i det norske samfunnet gjennom historia frå mellomalderen av, og så følgjer ein bolk om normer­inga av dei to norske standardspråka på 1800- og særleg 1900-talet fram til den siste nynorsknormalen frå 2012. Vi beskriv språktrekk for språktrekk og gir for kvart trekk eit lengdesnitt gjennom språkhistoria i perioden. Vi avsluttar med korte gjennomgangar av korleis språkreformene er blitt gjennomført på det praktiske planet, korleis ordtilfanget er blitt (forsøkt) normert ut frå ulike omsyn, og korleis språkreformene er blitt mottatt og evaluert i samfunnet.

 

Kapittel 5: Förändring av uppfattningar om språk i norge och omvärlden

Av Tore Janson

Numera råder det allmän enighet om att det i staten Norge finns ett språk som har ett eget namn och som i stort sett används i hela Norge men inte mycket utanför statens gränser. De som tidigare levde i det som nu är Norge och deras samtida i omvärlden har haft helt andra uppfattningar om språksituationen. Detta kapitel handlar om vilka föreställningar språkanvändarna och deras omgivning har haft om vilket språk de använde och om vilken utbredning det hade, från den tid då den allmänna åsikten var att en stor del av norra Europa hade ett gemensamt språk, kallat dǫnsk tunga, till den tidpunkt när det officiellt fastställdes att det för Norge gemensamma norska språket har två skriftspråksformer. Förändringarna i uppfattning hade i viss mån att göra med språkförändringar, men också med politiska förändringar, och de var i hög grad kopplade till tendenser och strömningar i omvärlden. Kapitlet beskriver det som hände i Norge i dess europeiska sammanhang.

 

Forfattarar

Tove Bull (f. 1945) er professor emerita i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho var rektor ved UiT i perioden 1996–2001. Ho har hatt ei rekkje faglege, universitetspolitiske og administrative verv, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Forsk­ingsdisiplinane hennar er sosiolingvistikk, dialektologi, fleirspråklegheit, nordnorske språkforhold, språkkontakt (særleg mellom nordisk og finsk-ugrisk), språk og kjønn, språkendring og språkhistorie. Ho har publisert bøker og artiklar innanfor alle desse felta.

Oddmund Løkensgard Hoel (f. 1968) er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Forskingsfelta hans er særleg nyare norsk språkhistorie og regionhistorie. Bokutgåva av doktoravhandlinga hadde tittelen Norsk målreising 2. Mål og modernisering 1868–1940 (2011). Han var sentral i prosjektet som resulterte i firebandsverk­et Soga om Sogn og Fjordane og skreiv der band 3, Fjordfylket på nye vegar 1875–1945 (2017).

Stian Hårstad (f. 1977) er ph.d. og førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Han har skrive om sosiolingvistiske og språkhistoriske emne og har òg vore involvert i norskdidaktisk forsking. Han gav i 2013 ut boka Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge saman med Toril Opsahl, og i 2017 Innganger til språkvitenskap. Teori, metode og faghistorie saman med Brit Mæhlum og Terje Lohndal. Han har dessutan medverka til bøkene Trøndersk språkhistorie (2008) og Tale­mål etter 1800 (2015).

Tore Janson (f. 1936) er dr.philos. og har vore professor i latin ved Göteborgs universitet 1986–1998 og dessutan professor i afrikanske språk ved same universitet 1998–2001. Frå 2011 er han tilknytt Stockholms universitet, Institutionen för lingvistik. Han har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og bøker innanfor områda latin, afrikanske språk og allmenn språkvitskap. Eit av hovudområda hans er historisk lingvistikk, og då særleg forholdet mellom samfunnsforandringar og språkforandringar. Eit større arbeid innanfor dette området er The history of languages (2012), som har blitt publisert i ulike versjonar og på fleire språk, mellom anna norsk.

Brit Mæhlum (f. 1957) er dr.philos. og professor i nordisk språkvitskap ved NTNU. Ho har først og fremst arbeidd med ulike sosiolingvistiske tema, men har også skrive ein del om språkhistorie, lingvistisk faghistorie og vitskapsteori. Sentrale bøker er Dialektal sosialisering. En studie av barn og ungdoms språklige strategier i Longyearbyen på Svalbard (1992), Mellom Skylla og Kharybdis. Forklaringsbegrepet i historisk språkvitenskap (1999), Konfrontasjoner. Når språk møtes (2007), læreboka Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter (2012), skriven saman med Unn Røyneland, og Innganger til språkvitenskap. Teori, metode og faghistorie (2017), skriven saman med Stian Hårstad og Terje Lohndal.

Helge Sandøy (f. 1947) er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Forskingsfelta hans er særleg sosiolingvistikk og dialektologi, språkhistorie, fonologi og vestnordiske språk. Han har publisert innanfor alle desse felta, m.a. bøkene Talemål (2. utg. 1996), Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk (2000), Romsdalsk språkhistorie (2011) og Talemål etter 1800 (2015). Han har også hatt fleire verv, bl.a. i Norsk språkråd, og han har vore leiar for fleire forskingsprosjekt: Talemål hos ungdom i Bergen (1980–1983), Moderne importord i språka i Norden (2000–2008), Den nye norsken (2000–2005), Dialektendringsprosessar (2008−2014) og Språkutvikling på industristader (2012–).

Lars S. Vikør (f. 1946) var professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør i Norsk Ordbok 1993–2015, no er han pensjonist. Forskingsfelta hans har særleg vore nynorsk leksikologi og leksikografi, nyare norsk språkhistorie, språkplanleggingsteori, normering, språkpolitikk, nordiske språkforhold og nynorsk språk generelt. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar innanfor fagfeltet sitt, m.a. Språkplanlegging. Prinsipp og praksis (1988), The Nordic languages. Their status and interrelations (1993), Rettskriving hos nynorskforfattarar (1995) og Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt (2004). Redaktør i Maal og Minne 2006–2014.