Moderne importord

Forskingsprosjektet Moderne import­ord blei initiert av Nordisk språkråd og sett i gang hausten 2001. Det er finansiert i hovudsak av NOS-H, NorFa, Noregs forskingsråd og Nordisk språkråd (og frå 2004 Nordplus Språk). Prosjektet har som mål å lage ei jamførande oversikt over korleis moderne import­ord blir behandla i språka i Norden i både norm og bruk, og å skaffe generell innsikt i vilkår for språkhold­ningar og spesiell innsikt i hold­ningane til import­ord i Norden.

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 6): Could not find asset snippets/sh_cfm-collection-snippet.liquid