MIN 3. Selback, Bente et al (red.): Fire dagar i nordiske aviser

MIN 3. Selback, Bente et al (red.): Fire dagar i nordiske aviser

  • 240,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Ei jamføring av påverknaden i ordforrådet i sju språksamfunn

Det nordiske samarbeidsprosjektet Moderne importord i språka i Norden (MIN) hadde som ei målsetting å måle og jamføre språkpåverknaden utafrå på dei ymse nordiske språka. Slik påverknad kan lettast studeras i orda vi tar inn i språket, det vi kallar import­ord (eller lånord).

Den mest representative kjelda når ein vil finne ut noe om "gjennomsnittsspråket" i eit moderne samfunn, i alle fall skriftlig, er trulig aviser. Undersøkinga som er presentert i denne boka, er derfor basert på eit utval aviser frå sju nordiske språksamfunn. Avisene er frå same datoane, to dagar i 1975 og to i 2000.

Alle avisene er blitt gjennomgått på nøyaktig same måten for å registrere nye ord som har komme inn i språka utafrå etter andre verdskrigen. Dermed er det mulig å beskrive situasjonen i kvart enkelt samfunn på ein slik måte at vi kan samanlikne med stor presisjon. Det er nyttig når ein ønskjer å forstå meir av vilkåra for språkpåverknad.

Det viser seg at vi i Norden i stor grad har felles førestillingar om språka våre, dvs. at vi er einige om kva språk som er mye og lite påverka. Men desse førestillingane stemmer ikkje alltid med verkeligheita! Det og mye anna ser ein av denne granskinga.

Bente Selback har skrive kapitla om situasjonen i kvart enkelt språksamfunn, Helge Sandøy har samanlikna språksamfunna, og Anne-Line Graedler har jamført denne granskinga med noen tidligare nasjonale prosjekt.

Moderne importord i språka i Norden 3.

ISBN 978-82-7099-472-4, 173 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,37 kg, publiseringsår 2007

We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid