Schmidt, Tom (red.): Målblomar til Margit
Vår gode kollega, fyrsteamanuensis Margit Harsson, fyllte 70 år den 9. juni 2013. Det skulle ein ikkje tru, men slik er det. I det høvet fikk ho eit veneskrift med artiklar om stad- og personnamn og andre språklege emne. Margit har vore tilsett ved Institutt/Avdeling/Seksjon for namnegransking, no Institutt for lingvistiske og nordiske studium, sidan 1984.
Sjølv om det her fyrst og fremst er namnegranskaren Margit me vil heidra, skal det nemnast at ho også har engasjert seg sterkt i lokalhistorisk arbeid på Ringerike, m.a. med ei bok om storgarden Stein, eit hefte om Halvdanshaugen og t.d. tekster og bilete til kalenderen som Hole historielag gjev ut.
Nokre av desse sidene ved Margit Harsson vert reflekterte i artiklane i veneskriftet, men interessene hennar er vidare enn som så, og forfattarane har i det heile stått fritt til å velja emne.
Innhald
Føreord 7
Kristin Bakken: Rolandssteinen, Sloehella og Glomshaug. Tre stadnamn og ei opphavssegn frå Seljord 11
Maimu Berezkina: Lingvistisk landskap i et av Oslos flerkulturelle områder. Norsk, engelsk og minoritetsspråk i det offentlige rom på Grønland og innbyggernes holdninger til mulige stedsnavn fra innvandrerkulturen 19
Gunhild Birkeland og Botolv Helleland: Hovudoppgåver i stadnamn og Hovudoppgåveregisteret (HOP) ved Universitetet i Oslo 35
Harald Bjorvand: Etymologien til fem arveord og et gammelt navn 51
Line Lysaker Heinesen: Blomsternavn som personnavn 69
Ole-Jørgen Johannessen: Baste, Fabian og Crispinus 75
Kristoffer Kruken: Nylaga fornamn i norsk 1750–1949 93
Magne Myhren: Leksikalsk samanheng mellom M.B. Landstad: Norske Folkeviser og Ivar Aasen: Norsk Ordbog 103
Gudlaug Nedrelid: Mellomnorsk i tidleg moderne tid? 125
Erik Simensen: Oland 141
Åse Wetås: Me era glade for å feira deg! 149
Benedicta Windt-Val: Margit – en perle med mange innfatninger 159
Terje Larsen: Bibliografi over Margit Harssons vitskaplege arbeid 169
Forfattarane 177
Tabula Gratulatoria 179