Larsen, Terje/Tom Schmidt (red.): Botolv - onomastikkens harding

Larsen, Terje/Tom Schmidt (red.): Botolv - onomastikkens harding

  • 310,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Veneskrift til Botolv Helleland på 70-årsdagen 9. juni 2010

 Fyrsteamanuensis Botolv Helleland er frå Hardanger og altså harding, og ein harding har han òg vore innan onomastikken – i 40 år. Botolv tok hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1970, og emnet for hovudfagsavhandlinga var namn frå Hardangervidda. Namn frå fjellet – og særskilt frå «Viddæ» – skulle verta emne for vitskapleg handsaming også i åra som fylgde, etter at han i 1972 vart tilsett som arkivar ved Norsk stadnamnarkiv. Frå 1978 vart arkivet eit eige institutt ved UiO, seinare ei avdeling under Institutt for nordisk språk og littera­tur og no ein del av Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Botolv har sysla med det meste som fell inn under onomastikken, men framfor alt er det stadnamna som har vore «gudlabadnet». I 1979 vart han med­lem av utvalet som skulle gjera framlegg om nye reglar for skrivemåten av stadnamn, og etter at han kom inn som ein av Statens namnekonsulentar i 1984, har han vore ein ihuga namnerøktar. Botolv har òg vore ei drivkraft i det inter­nasjonale arbeidet med namnerøkt gjennom UNGEGN (United Nations Group of Experts on Geographical Names). Det internasjonale engasjementet hans kjem også fram ved at han har vore leiar i NORNA (Nordisk samarbeidskomité for namnegransking) og tre gonger styremedlem – i den siste perioden vise­president – i ICOS (International Council of Onomastic Science).

Botolv har vore ein ivrig lærar og rettleiar, og han har halde ei lang rekkje kurs i stadnamninnsamling over store delar av landet. Han tok initiativet til årsmeldingane som arkivet/instituttet/avdelinga fekk høve til å gje ut mellom 1977 og 2003, og det er Botolv som har vore drivkrafta bak dei nasjonale namnekonferansane sidan 1981. Han var ein ivrig medspelar då Norsk namne­lag vart skipa i 1983, og her tok han på seg å redigera meldingsbladet Nytt om namn, som i år kjem med sitt 50. nummer – framleis med Botolv som hovud­redaktør. 

Botolv har i alle år vore oppteken av målføre, ikkje berre sitt eige, og alt i 1973 gav han og Eric Papazian ut fyrste versjonen av eit studiehefte i målføre­kunnskap for NRK, som gjorde forfattarane kjende for generasjonar av skule­elevar. Eric var difor sjølvskriven som representant for instituttet i dette vene­skriftet. Elles har vi vore så heldige å få nokre kollegaer frå det namnefaglege miljøet i Noreg til å skriva om emne vi trur Botolv vil lika. Namnekonsulenten Botolv vert heidra av representantar for Språkrådet og Statens kartverk. Dei andre nordiske landa er representerte med kvar sin velrøynde namnegranskar, og endeleg er både ICOS og UNGEGN – og sjølvsagt Norsk namnelag – med og hyllar Botolv på 70-årsdagen.


Innhald

Gulbrand Alhaug: Namnet Botolv frå 600-talet til i dag 1

Vibeke Dalberg: Stednavne i ny funktion som stednavne 13

Peder Gammeltoft: UNGEGN, de Forenede Nationers samarbejde om geografiske navne – en hjertesag for Botolv 19

Peter Hallaråker: Stadnamn i ei utskiftingsforretning på garden Halderager (Hallaråker) frå 1830 25

Marit Hovdenak: Namn i Nynorskordboka 37

Kristoffer Kruken: Stadnamn i bunden form som forledd i samansette stadnamn 47

Katharina Leibring: ICOS och Norden 53

Gudlaug Nedrelid: Durdeirumpa, Hovudbrotet og andre teignamn i Gardsgrendi 59

Sirkka Paikkala: Reasons for name changes in Finland 71

Eric Papazian: Utviklinga av eldre sl, tl og tsl i norsk 81

Ola Stemshaug: Ulv m. og varg m. i målføre og stadnamn nordafjells 95

Svante Strandberg: Kävra och Kävsta 105

Anne Svanevik: «Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk». En illusjon? 113

Svavar Sigmundsson: Et par islandske bjergnavne 121

Inge Særheim: Hardangskjer, Hardangstøna og Hardangberget – hardingar på ferde 127

Olav Veka: 646 Kittelsen, men ingen Kjetilsen – om forholdet mellom mannsnamn og patronym 133

Eivind Weyhe: Tilnavne af stednavne i færøsk 139

Terje Larsen: Bibliografi over Botolv Hellelands trykte arbeid 147

Forfattarane 167

 

ISBN 978-82-7099-5569-1, 167 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2010. Språk: flere


We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid