Hevrøy/Karlsen/Nielsen/Parelius: Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge

Hevrøy/Karlsen/Nielsen/Parelius: Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge

  • 295,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


I 2024 er det 30 år sidan Olav H. Hauge døydde, og sjølv om forfattarskapen hans er levande både for lesarar og forskarar, er det faktisk like lenge sidan den førre forskingsantologien om Hauge, Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap, vart gjeven ut.

Det er med andre ord duka for å lese Olav H. Hauge på nytt. I Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting skriv Idar Stegane, Fredrik Parelius, Stein Arnold Hevrøy, Henrik Indergaard, Ingrid Nielsen, Ingrid Skjerdal, Erling Aadland, Hadle Oftedal Andersen, Ole Karlsen og Torgeir Skorgen særleg om samverknaden mellom lesing og dikting, men også om poetiske rom, einsemd og himmellekamar hos Olav H. Hauge.

Den særeigne samanvevinga av eigne røynsler og opplevingar med stor diktekunst gjer at dikta til Hauge har ei eiga evne til å fornye seg; dei har alltid noko nytt å by på, sjølv for røynde Hauge-lesarar. Det er nok også ein av grunnane til at så mange forskarar har kasta seg over diktinga hans. Hauges diktarlandskap er konkret, men det rommar også mykje av anna dikting, og slik gjev det rom til mange ulike innfallsvinklar og lesemåtar.

Innhald

Forord

Stein Arnold Hevrøy, Ole Karlsen, Ingrid Nielsen og Fredrik Parelius
Innleiing

Idar Stegane
Olav H. Hauge og norrøn tradisjon

Fredrik Parelius
Når berget «opnar seg». På innsida av berget i Olav H. Hauges dikting

Stein Arnold Hevrøy
«År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene»: Olav H. Hauges boksamling som kjelde til innsikt i forfattarskapen hans

Henrik Indergaard
Om Aukrusts påvirkning på Hauge. En kommentar til «Skåli», «Til ein gamal meister», «Fela», «Eg ser på ein gamal spegel» og «Gullhanen»

Ingrid Nielsen
«her gjeng elvi i ring, i ring – ». Om poetiske rom i nokre av Olav H. Hauges dikt

Ingrid Beate Hestvik Skjerdal
«Plukka månar» … «sløkkje stjernor» – Himmellekamar i dikt av Olav H. Hauge

Erling Aadland
Hauge og sanninga

Hadle Oftedal Andersen
Seljefløyta, Verlaine og parnassianismen

Ole Karlsen
Brakylogi, lakonisme, gnomiske dikt. Ei linje i Olav H. Hauges dikting

Torgeir Skorgen
«Teikn er me, utan meining»: Om krig og verdslitteratur hos Hölderlin og Hauge

Om bidragsytarane

Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-149-8, 243 sider, heftet, format: 15,5x23 cm, vekt 0,45 kg,
publiseringsår 2023, språk: nynorsk

Åpen tilgang: omp.novus.no


We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid