Karlsen/Sandberg/Skjerdal (red.): Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk

Karlsen/Sandberg/Skjerdal (red.): Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk

  • 295,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


«Takk for diktsamlinga di! som gledde meg med å sjå at du stig fram som ein av dei største lyrikarane vi har», skreiv Kristofer Uppdal då RAGNVALD SKREDE (1904–1983) debuterte med Det du ikkje veit i 1949. Skrede var frå Vågå i Gudbrandsdalen, og opplevingar i barndommen og førkrigsåra ligg som ein klangbotn i forfattarskapen. Skrede hadde sona ein dom, av mange vurdert som eit justismord, og den plaga og forfølgde outsideren er ein gjennomgangsfigur i dikta – den utstøytte som følgjer si eiga leiestjerne. Til saman gav Skrede ut 12 diktsamlingar, og han var ein toneangivande kritikar, forlagsmann og omsetjar med stor innverknad på norsk kulturliv i etterkrigstida. 

For 1960-talsdebutantane representerte Skrede eit forelda diktarideal, og forfattarskapen har i nyare tid fått langt mindre merksemd enn livet hans. Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk hentar fram att Skrede som lyrikar og gjendiktar. Å gjenlese Skrede fører oss inn i grunnstemningar i etterkrigslyrikken, men òg inn i uventa tankevendingar og eksistensielt alvor.

Redaktørar for boka er professor Ole Karlsen, førstemanuensis Kristian Lødemel Sandberg og førsteamanuensis Ingrid Skjerdal, Høgskolen i Innlandet.

 

Innhold

Forord

Ole Karlsen, Ingrid Skjerdal og Kristian Lødemel Sandberg
«Ragnvald Skredes underligt oföranderliga poesi».
Introduksjon

Jan Inge Sørbø
Ragnvald Skrede mellom biografi og modernisme

Kristian Lødemel Sandberg
«Når visdomssteinen er funnen».
Visdomslitteratur som inngang til Skredes lyrikk

Elin Stengrundet
«Ung skal ein drøyme vilt»:
Eit ungdomsperspektiv på Ragnvald Skredes forfattarskap

Silje Solheim Karlsen
«Fordi du såg idéen i meg»:
Ragnvald Skrede og kjærligheten

Ingrid Nielsen
«Du dirrar av gir». Om endelaus gir i Ragnvald Skredes debutsamling
Det du ikkje veit (1949)

Ingrid Skjerdal
«No får eg ei røyst og kan syngje min song».
Retning, rytme og røyster i dikt av Skrede

Ole Karlsen
I ormegarden. Ragnvald Skredes ekfraser

Ole Karlsen
Ragnvald Skredes sonetter. En presentasjon

Svenn-Arve Myklebost
«Eit anna eg»:
Ragnvald Skrede og sonettane til William Shakespeare

Om bidragsytarane

 

Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-150-4, 201 sider, heftet, format: 14x22 cm, vekt 0,32 kg,
publiseringsår 2024, språk: nynorsk/bokmål

Åpen tilgang: omp.novus.no


We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid