Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne: Langeleiken – heile Noregs instrument

Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne: Langeleiken – heile Noregs instrument

  • 530,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


 

I denne boka har ein lagt vekt på å vise spennvidde og variasjon ved den norske langeleiken. For fyrste gong har forskarar undersøkt langeleik­materialet i heile Noreg. Gjennom feltarbeid og systematisk tilnærming til det eldste materialet – og ei rekke andre kjelder – har ein greidd å avdekke mangfald i konstruksjon og utforming, dekorasjon og stil ved eit elles lite kjend musikkinstrument. Slik blir vi aller mest kjende med ein handverkstradisjon der musikken åleine ikkje har vore målet, men som i staden uttrykkjer ein brei, allsidig og folkeleg til­nærming til ei rekke ­kunstariske uttrykksformer.

Ein har lagt vekt på å setje materialet inn i kjende kulturhistoriske, musikkhistoriske og organo-logiske samanhengar, og ein har dokumentert prosessar og fenomen som ein tidlegare ikkje har greidd å sjå i samanheng. Det er eit mål med boka at ho skal inspirere til vidare forsking, men aller mest framhald av produksjon av langeleikar. Slik håpar vi å vidare­føre ein stolt og ubroten musikk- og handverks­produksjon i Noreg.

 

ISBN 978-82-8390-073-6, Institutt for sammenlignende kulturforskning. Serie B: Skrifter CLXXVI (176). 517 sider. Hard perm.


We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid