Lothe (red.): Forsking og menneskerettar

Lothe (red.): Forsking og menneskerettar

  • 290,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.

Only 0 left!

Korleis kan forsking fremje menneskerettane? Og korleis oppfattar forskarar frå forskjellige fag og disiplinar menneskerettar innanfor si forsking?

Kapitla i denne boka er skrivne av 14 forskarar som represen­terer varierande fagtradisjonar og forskingsmetodar. Dei viser at menneske­rettsspørsmål er aktuelle som aldri før, og inspirerer forskarar i eit breitt spekter av fag. Sjølv om menneskerettane tar ulik form i ulike fag, viser boka at dei er viktige også i fag der dei er mindre synlege. Forskarane som skriv i denne boka, konsentrerer seg om grunnleggjande menneskerettar med stikkord som fred, fridom, likskap, verdighet, utdanning og fråver av diskriminering av svake enkeltindivid, grupper eller folk. Forsking har bi­dratt til at desse menneskerettane i dag står sterkare internasjonalt enn nokon gong. Men nettopp fordi menneskerettane er blitt så synlege og internasjonalt nærverande, blir det tydeleg kor grove brota på dei er i ­mange land, og kor mykje arbeid som står att før dei er sikra som rettar for alle menneske. Kapitla i boka er reviderte og ajourførte versjonar av foredraga på ein konferanse som menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi arrangerte i desember 2015.
Jakob Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og leiar av menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi.


Innhald

Forord

Jakob Lothe
Introduksjon

Dagfinn Føllesdal
Menneskerettigheter, hva kan akademiene bidra med?

Ole Petter Ottersen
Globale helseulikheter i et menneskerettighetsperspektiv

Astri Andresen
Menneskerettighetene som mulighet og begrens­ning i samepolitikken etter 2. verdenskrig

Øyvind Østerud
Utfordringer i utviklingen av menneskerettigheter

Hans Petter Graver
Menneskerettigheter, rett og moral

Randi Rønning Balsvik
Høyere utdanning i verdens fattige land – en menneskerett?

Dag O. Hessen
Menneskeretter i et miljøperspektiv

Henrik Syse
Hva er den mest grunnleggende av menneskerettighetene?

Jan Inge Sørbø
Å gje menneske stemme. Humaniora og humanitet

Reidun Førde
Menneskerettar i helsetenesta: Kan moderne medisin krenke menneskeverdet?

Jan-Olav Henriksen
Utfordringer for teologisk arbeid med menneskerettighetene

Lena Larsen
Religionsvitenskap som metodisk tilnærming til fremme av retten til tros- og livssynsfrihet

Cora Alexa Døving
Minoritetsforskning og menneskerettigheter

Jakob Lothe
Litteratur som forsvar av menneskerettar

Bidragsytarar

Register


ISBN 978-82-7099-884-5, 171 sider, innbundet
Format: 15x22 cm, vekt 0,5 kg, publiseringsår 2017, språk: bokmål/nynorsk


We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid