Bakken, Reidar: Snikkaren Aslak Olsen Lie
Bygde-kunstner i Valdres og Wisconsin 1798-1886: Craftsman on two Continents
Instituttet for sammenlignende kulturforskning/The Institute for Comparative Research in Human Culture (IFSK). Serie B, 104.
I denne boka er det lagt vekt på å vise spennvidda i produksjonen til snikkaren og bygdekunstnaren Aslak Olsen Lie (1798-1886). På denne måten har det vore mogeleg å få fram mykje av dei reelle vilkåra for ein representant for denne generasjonen bygdekunstnarar her i landet. At vi kan følgje den same personen etter at han utvandra til Amerika, gjev «snedker Lie» ein ny dimensjon. Vi får fram biletet av ein handverkar og bygdekunstnar i stadig tilpassing til nye rammevilkår. Det har vore lagt vekt på å setja materialet inn i kjende etnologiske og kunsthistoriske samanhengar, og ein har dokumentert prossessar som elles er vanskelege å påvise med konkrete døme frå den materielle kulturen. Det er vona at somme av problemstillingane i boka også kan førast vidare, og at boka såleis kan vera til nytte for vidare gransking innan temaet «bygdekunst» eller «folkekunst» både her i landet og i Amerika.