Langnes, Mads: Utskiftingsrett og gardskipnad

Langnes, Mads: Utskiftingsrett og gardskipnad

  • 435,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Innmarksutskiftingar, tun og teigblanding i tre ulike landslutar

Fram til midten av 1800-talet var gardsskipnaden i delar av Noreg prega av at gardsbruka låg i ei omfattande teigblanding. Samstundes var det slik at ein gjerne budde i store fellestun, som likna på landsbyar. Utskiftingslovene på 1800-talet hadde som mål å løyse opp denne gardsskipnaden, til fordel for konsoliderte innmarksareal og individualiserte tun for kvar bondefamilie.

Utskiftingsreformene frå 1700-talet og utetter 1800-talet medførte eit omskifte i den rådande gardsskipnaden både i Noreg og i fleire andre land. I denne avhandlinga konkluderer Mads Langnes med at reformene ikkje berre kom som eit resultat av bønder som la opp drifta si etter det som til ei kvar tid svarte seg best, men at heile prosessen like mykje kan forklarast i ein vekselverkande relasjon til fleire sosiale, økonomiske og kulturelle endringar som gjekk føre seg på denne tida. Reformene blir sett inn i eit kunnskaps- og opplysingsperspektiv, der haldningsendringar hjå dei herskande samfunnsgruppene, så vel som tankar om individualisering mellom bøndene sjølve, har vore like viktige.

Langnes tek føre seg tre ulike landslutar, og viser at medan det var teigblanding og store fellestun i Romsdal og Hardanger, var det ein lang meir individualisert gardsskipnad i Nord-Gudbrandsdal. Dette gjorde at utskiftingslovene medførte eit heilt omskifte i dei to vestlandsområda, medan Nord-Gudbrandsdal vart mest urørt av reforma.

Langnes forklarar korleis utskiftingsretten frå 1800-talet var med på å skape eigedomsformene, kulturlandskapet og bygdemiljøa ein kjenner frå 1900-talet og fram til i dag. Der det vart gjennomført innmarksutskiftingar, er det desse som har fastlagt grensene og tunløysingane som i mange høve framleis er gjeldande mellom norske gardsbruk. Granskingane av rettshistoria og dei norske utskiftingsreformene er difor eit viktig grunnlag for kunnskap om tidlegare gardsskipnad, og dei norske bygdene og gardane i dag.

Mads Langnes (f. 1976) er dr.philos., faglitterær forfattar og arbeider som historikar og førstekonservator NMF ved Romsdalsmuseet i Molde. Denne boka er ein omarbeidd versjon av avhandlinga som vart forsvart for graden doctor philosophiae (dr.philos.) ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen, den 13. mars. 2015.


INNHALD

FØREORD

INNHALDSFORTEIKNING

TABELLAR

FIGURAR

FORKORTINGAR


DEL I - INNLEIANDE KAPITTEL

1 INNLEIING

2 FORSKING OMHANDLANDE JORDFELLESSKAP OG UTSKIFTINGSREFORMER


DEL II - GARDSSKIPNAD OG JORDFELLESSKAP

3 GARDSSKIPNAD I ENDRING

4 JORDFELLESSKAP

5 TUNFELLESSKAP


DEL III - UTSKIFTINGSRETT OG UTSKIFTINGSVESEN

6 NORSK UTSKIFTINGSRETT

7 UTSKIFTINGSVESENET FRÅ 1857

8 UTSKIFTINGSREFORMER I ANDRE LAND


DEL IV - INNMARKSUTSKIFTINGAR

9 UTSKIFTINGSKART OG INNMARKSUTSKIFTINGAR I HARDANGER, NORD-GUDBRANDSDAL OG ROMSDAL

10 OFFENTLEGE INNMARKSUTSKIFTINGAR I HERADA LOM, ULLENSVANG OG VEØY 1859-1920

11 INNMARKSUTSKIFTINGANE PÅ GARDEN AGA I ULLENSVANG HERAD


DEL V - HAMSKIFTET I BONDESAMFUNNET

12 INNMARKSUTSKIFTINGANE OG HAMSKIFTET I BONDESAMFUNNET


DEL VI - SAMANFATTING

13 UTSKIFTINGSRETT OG GARDSSKIPNAD - EI SAMANFATTING


KJELDER OG LITTERATUR


ISBN 978-82-7099-917-0, 531 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 1,4 kg, publiseringsår 2018, språk: nynorsk


We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid