Wetås, Åse: Namneskiftet Kristiania - Oslo

  • 266,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Boka Namneskiftet Kristiania - Oslo er ein studie av prosessen som førte til at den norske hovudstaden frå 1. januar 1925 fekk att det gamle namnet Oslo. Dette namneskiftet har i ettertid blitt framstilt som eit ukontroversielt og populært tiltak. Men saksdokument og avisartiklar frå perioden då spørsmålet var oppe til debatt, viser at det slett ikkje var allmenn semje om at byen skulle skifta namn. I boka blir det sett nærare på kvifor kravet om namneskifte kom opp, og korleis striden om namnet på byen arta seg. Stadnamnstrid aktiviserer haldningar til namn og språk, og boka tek for seg ein del sentrale emne som knyter seg til namn som symbol. Det blir også gått inn på dei påståtte estetiske kvalitetane eller manglane til namna, og den politiske konteksten namnestriden gjekk føre seg innanfor, blir nærare analysert.Åse Wetås, f. 1972, er cand.philol. frå Universitetet i Oslo. Boka Namneskiftet Kristiania - Oslo er ei lett omarbeidd utgåve av hovudfagsoppgåva hennar i nordisk språk.
Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid