Norsk Litterær Årbok 2025

Norsk Litterær Årbok 2025

  • 390,00 kr
    Unit price per 
Shipping calculated at checkout.

Only 0 left!

Dette nummeret inneheld nye inngangar til Hauge-forskinga – ikkje berre éin, men to artiklar om Olav H. Hauges dikting. Både Henrik Indergaard og Elin Stengrundet har skrive om gjennombrotsboka til Hauge, På Ørnetuva (1961). Der Indergaard undersøkjer dikta i denne boka i ljos av ein mytopoetisk djupnstruktur og narrative liner mellom dikta, leitar Stengrundet etter von og ljos framtid, i ei diktsamling som har hatt status som mørk og pessimistisk. Begge nyttar Hauges dagbøker aktivt i fortolkinga. Det er prisverdig, for jamvel om det har gått 25 år sidan dagbøkene kom ut, har litteratuvitararar vore varsame med å nytte dei i diktanalysar. Vonleg vil Hauges brevskifte ein dag òg sjå dagsens ljos. Det vil kunne gje atter nye perspektiv på Hauges dikting, for som vi veit av brev som alt er utgjevne, mellom Hauge og Jan Erik Vold og Bodil Cappelen, diskuterer Hauge òg diktskriving i brevform. Ein annan bidragsytar, Gunnar Foss, påviser likskapar mellom Herders og Wergelands idéar om folkespråket; i kva grad er Wergeland påverka av Herder, og korleis syner det seg? Foss’ tverrfaglege perspektiv, litteraturhistorie i kombinasjon med eldre språksyn og historiefilosofi, opnar opp for å forstå viktige sider ved Wergelands poetikk, som peikar fram mot vår tids språksituasjon. Annette Vilslev Thorsen gjer dobbelt nybrotsarbeid med artikkelen om Dorthea Bassøe og reiseskildringa hennar, Erindringer fra Japan (1896). Bøker av misjonærar har ikkje berre vore eit forsømt felt i litteraturvitskapen; artikkelen viser òg at det digitale arkivet i Nasjonalbiblioteket gjer det mogleg både å finne gløymde bøker og å nytte kvantitative korpusanalysar til å kartleggje omtalen av bestemde stadnamn over tid. Birgitte Furberg Moe utforskar den norske mottakinga av den tysk-jødiske forfattaren Lion Feuchtwangers roman Søsknene Oppenheim (1934). Moe syner korleis mottakinga er prega av det politiske ordskiftet i 1930-åra, der kjende politikarar og kulturpersonar deltok. Dette bidraget er eit vektig tilskot til Holocaust-forskinga som norske litteraturvitarar og historikarar utfører i vår samtid. Den siste artikkelen i utgåva i år har fokus på eit tema som har vakse fram av feltet medisinsk humaniora, nemleg pårøranderolla. Nora Simonhjell gjer ei lesing av Lina Undrum Mariussens diktsamling Finne deg der inne og hente deg ut (2011). Analysen krinsar mellom anna om blikket for tropar og argumenterer for korleis Mariussen skriv fram komplekse tilhøve kring både sjukdom og det å vera pårørande. Dei siste tre artiklane provar korleis den tematiske prioriteringa – eller vendinga? – i litteraturvitskapen, om stader, Holocaust og tverrfagleg sjukdomsforsking, tek faget i nye retningar, og set namn og titlar på dagsorden som er nye for mange.

 

Innhald

Føreord – Norsk litterær årbok 2025

Henrik Indergaard
Olav H. Hauges mytopoeia i På Ørnetuva

Elin Stengrundet
Når nesen vender mot dødsriket. Lys framtid i Olav H. Hauges På Ørnetuva

Gunnar Foss
Bukkebræg! Fenrishyl! Herder, Wergeland og folkespråkets poetiske ekspressivitet

Annette Thorsen Vilslev
Dorthea Bassøes oversete Erindringer fra Japan. En litteraturgeografisk tilgang til tidlige Japan-beskrivelser i Nasjonalbibliotekets arkiv

Birgitte Furberg Moe
Forhandlinger om sannhet. Den norske resepsjonen av Lion Feuchtwangers Søsknene Oppenheim             

Nora Simonhjell
‘Og du er husets hjerte som banker meg rundt’. Om omsorgs- og p
årørendedilemmaer i Lina Undrum Mariussens Finne deg der inne og hente deg ut (2011)

Bidragsytarar

Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-183-2, ISSN 0078-1266, 150 sider, heftet, format: 15x21,5 cm, vekt 0,3 kg, publiseringsår 2025, språk: nynorsk/bokmål


We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid