Norsk Litterær Årbok 2024
I år er det 100 år sidan Arne Garborg gjekk bort. Det har vorte markert i både aviser (Dag og Tid) og ved museum i landet (Garborgsenteret på Bryne). I dette nummeret gjev Espen Grønlie ei nylesing av Haugtussa (1895), som tek utgangspunkt i korleis resepsjonen har vurdert «naturen» i langdiktet. Grønlie syner korleis dei tolkingane av verket er mest heldige, som legg størst vekt på men- nesket sjølv som natur. Veslemøys utvikling er dermed ikkje ei atterspegling av na- turen kring henne, men ein del av han. Jon Fosse vart i fjor tildelt nobelprisen. Jamvel om vi no er komne til 2024, feirar vi òg denne prisutdelinga med ein analyse av Kvitleik (2023). Gjennom ei intertekstuell undersøking peikar Øyvind Tveite- reid Gulliksen på Fosses inspirasjonskjelder – alt frå Dante, i den kjende attdiktinga til Henrik Rytter og Sigmund Skard – til Moby Dick av Herman Melville. I fjor gjekk Hans Herbjørnsrud bort. Dette nummeret av NLÅ markerer òg novellekun- sten til denne for mange kjære forfattaren gjennom ein undersøking Kjell Ivar Skjerdingstad har gjort. I sin artikkel argumenterer han for at Herbjørnsrud i fleire noveller produserer eit nærvær hjå lesaren, og ved å nytte «skulptur» som metafor, viser Skjerdingstad korleis skulpturen dukkar opp som kalligram hos Herbjørnsrud, men òg korleis skulpturering og skulpturar i ulikt material stig fram i fleire noveller. Lesaren vil vidare finne andre spennande artiklar i dette nummeret. Det er ekstra hyggjeleg å ha ein ung litteraturforskar med på laget, Ingrid Lorange, som i fjor vart master på basis av ei oppgåve om bruken av levende modellar i forfattar- skapen til Laura Kieler. Artikkelen hennar er ein omarbeidd versjon av delar av masteroppgåva. Lorange gjer ei nylesing av den samtidige resepsjonen av Kielers Mænd af Ære (1890) og Gunnar Heibergs Kong Midas (1890), og viser korleis Kie- ler – uretvist – møtte større motbør enn forfattarkollegaen Heiberg. Vi kan òg tilby tre andre artiklar: Ståle Dingstad undersøkjer korleis Absalon Pederssøn Beyers Om Norgis rige (1567) blir oppfatta av den fiktive karakteren og historikaren ved namn Fjord i Dag Solstads Roman 1987. I same artikkel ser Dingstad òg resepsjonen av Beyers noregsskildring i lys av Solstads roman. Morten Auklend har òg levert eit forvitneleg bidrag som etablerer kontakt mellom eit moderne og eit historisk verk. Auklend granskar i sin artikkel ei rekkje allusjonar i Ingvild Burkeys diktsamling Den mest tenkelige av alle verdener (2008) til filosofen Leibniz’ Monadologien (1714). Ei nærlesing av lyrikk avsluttar også årboka. Hadle Oftedal Andersen les Inger Eli- sabeth Hansens dikt «Bruk og misbruk av klippeblåvingen» frå Å resirkulere leng- selsen, avrenning foregår (2015), der han knyter seg til Timothy Mortons utgreiing av sambandet mellom økokritikk og dekonstruksjon.
Innhald
Føreord – Norsk litterær årbok 2024
Espen Grønlie
Naturbegrepet i Haugtussa-resepsjonen
Øyvind T. Gulliksen
Jon Fosses Kvitleik – Ei metafor-historisk lesing
Kjell Ivar Skjerdingstad
Hans Herbjørnsrud, ordskulptør
Ingrid Lorange
Menn av ære og levende modeller – Motstanden mot Laura Kielers Mænd af Ære (1890) og Gunnar Heibergs Kong Midas (1890)
Ståle Dingstad
Absalon Beyers Om Norgis rige (1567) i lys av Dag Solstads Roman 1987
Morten Auklend
Foreliggende filosofier om verden – Leibniz som pretekst i Ingvild Burkeys Den mest tenkelige av alle verdener
Hadle Oftedal Andersen
«En farkost for lengselen min» – Økopoesi, dekonstruksjon og Inger Elisabeth Hansens «Bruk og misbruk av klippeblåvingen»
Bidragsytarar
Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-161-0, ISSN 0078-1266, 155 sider, heftet, format: 15x21,5 cm, vekt 0,26 kg, publiseringsår 2024, språk: nynorsk/bokmål