Kongslien, Ingeborg: Migrasjon og litteratur ved millennieskiftet

Kongslien, Ingeborg: Migrasjon og litteratur ved millennieskiftet

  • 240,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Dette er ein studie av romanar som tematiserer migrasjons- og eksil­erfaringar – kulturmøte, identitetsforhandlingar og tilhøyrsle. Slike tema er sentrale i samtidslitteraturen internasjonalt så vel som i nordisk litteratur i dei siste fire-fem tiåra, samsvarande med dei store samfunnsendringane. Forfattarar av slike narrativar er både migrantar som skriv på eit andrepråk, dei translingvale, og slike som har ein migrantbakgrunn men har vakse opp med språket i det nye landet som førstespråk. Når eg har valt forfattarar frå den første gruppa for å studere migrasjon og litteratur, er det fordi eg er særleg interessert i det translingvale aspektet. Det har også vore viktig med ei samla nordisk ramme fordi vi har ein skandinavisk språkfellesskap, og det blir slik eit manggreina mønster av rørsle over grenser som er så sentralt i denne litteraturen. Eg ser på denne migrasjonslitteraturen som den nordiske delen av ein internasjonal litterær tradisjon, og han må lesast i ein kosmo­polistisk kontekst. Utvalet mitt av tekstar frå før og etter millennieskiftet er gresk-svenske Theodor Kallifatides, tsjekkisk-norske Michael Konupek, iransk-svenske Fateme Behros, chilensk-danske Rubén Palma og russisk-finlandssvenske Zinaida Lindén, eit utval med mange krysningar mellom språk og land.

*

Ingeborg Kongslien er professor emeritus i nordisk litteratur frå Universitetet i Oslo. Ho har også undervist i skandinaviske studium på universitet i Sverige og USA.

Innhaldsliste

Forord Innleiing

Kap. 1 Migrasjonslitteratur, fleirkulturell litteratur, translingval litteratur

Kap. 2 Litteratur og migrasjon: Eit nordisk oversyn

Kap. 3 ‘Främling’ – identitet, språk og nyskildring Theodor Kallifatides: Utlänningar (1970), Det sista ljuset (1995), Ett nytt land utanför mitt fönster (2001)

Kap. 4 «en fortelling om frihet» – «en fortelling om eksilet» Michael Konupek: I sin tid (1993)

Kap. 5 Kvinneliv og kjærleik, tap og frigjering – og å finne si stemme Fateme Behros: Fångarnas kör (2001)

Kap. 6 Stader og minne, språk og eksil Rubén Palma: Fra lufthavn til lufthavn – og andre indvandrerfortællinger (2001)

Kap. 7 Det lokale og det kosmopolitiske i ein translingval migrasjonsdiskurs Zinaida Lindén: Takakirves – Tokyo (2007)

Sluttord

Bibliografi


We Also Recommend

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid