Jenstad, Tor Erik: Ein repetis i obligadur

  • 380,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.

Only 0 left!

Folkemusikkterminologi i norske dialektar; med vekt på feletradisjonen. Tittelen Ein repetis i obligadur syner litt av det norske spelemannsspråket. Ein repetis er eit avsnitt i ein slått (det som blir repetert), medan å spela i obligadur vil seie å spela i posisjon på fela. Dette er ei omforming av tysk Applikatur. Denne boka tek for seg folkemusikkterminologi i norske dialektar,, med vekt på tradisjonen knytt til fela og hardingfela. Også somme andre instrument, som trekkspel og langeleik, blir behandla. Vi får mellom høre om nemningar på instrument og delar av instrument, for spelemann og det å spela, for slått og delar av slått, og for speltekniske detaljar. Arbeidet er primært ei ordgeografisk kartlegging. Utbreiingsmønstra blir sett i eit vidare historisk og kulturelt perspektiv, og grensene blir jamført med andre språklege og kulturelle grenser. Dei mest interessante nemningane får ein meir utførleg etymologisk og semantisk analyse. Boka er ein omarbeidd versjon av forfattaren si dr.art.-avhandling frå 1995.

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid