Fjågesund/Nordstoga/Baklid (red.): Songen og teksten. Frå Draumkvedet til Dimmu Borgir
Songlyrikk er ei av dei sterkaste og mest populære kunstnarlege uttrykksformene i vår tid, men den har òg sterke historiske røter. I ei rad med aktuelle artiklar diskuterer forfattarane i denne boka tilhøvet mellom songen og teksten over eit breitt spekter med omsyn til både fortid, samtid og tema. Spanande samanhengar kjem til syne, der ulike sjangrar som folkeviser, viserock, rock, rap og svartmetall bryner seg på kvarandre i eit samspel mellom folkelege tradisjonar og høglitterær kunstdikting. Samstundes er boka ei markering av to representantar for høvesvis norsk forsking og internasjonal praksis innan feltet: Olav Solberg og Bob Dylan, som båe held fram med å produsere etter fylte 80 år!
Boka er redigert av Peter Fjågesund, Sveinung Nordstoga og Herleik Baklid. Dei arbeider alle ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Innhald
Føreord
Liv Kreken:
Olav Solberg og den norske mellomalderballaden
Herleik Baklid:
«I broksvalinn der skal domen stande»: Ei alternativ tolkning av ordet broksvalinn i Draumkvedet
Ingrid Skjerdal:
Sømsanger og visevev: Om mestermøyer og skjebnetråder i nordisk balladetradisjon
Olav Solberg:
Seksualitet og incest i norske mellomalderballadar
Åshild Mogstad Aspøy:
Fredmans naturlige habitat: Om naturkonstruksjonene i Carl Michael Bellmans Fredmans epistlar og Fredmans sånger
Johan M. Staxrud og Inga H. Undheim:
Spill, svir og skjebnesang: En studie av to litterære spillmotiv – fra folkelig vise til moderne prosa
Peter Fjågesund:
Mellom folk, elite og nasjon: Språk og musikk i Robert Burns’ sanger
Thomas Seiler:
«Ei bør min Vise du letsindig sjunge»: Gjest Baardsens skillingsviser på bakgrunn av hans selvbiografi
Erling Aadland:
Dylan og diktet: Betydning og mening
Arnfinn Åslund:
Blues på norsk: Om Sunde, Virud, Paus og Bjørnson
Sveinung Nordstoga:
Intertekstuelle bodskapar: Om nokre låtar av Bjørn Afzelius
Sigrun Blaavarp Heimdal:
Skriket innanfrå, skriket utanfrå: Fellesskap og utanforskap i norsk svartmetall
Eyolf Østrem:
Rough and Rowdy Ways og Dylans minimalistiske formutforskning
Kjell Andreas Oddekalv:
Lyrisk brunst: Rapanalysens form, mål og formål
Om forfattarane
Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-159-7, 299 sider, heftet, format: 15,5x23 cm, vekt 0,5 kg,, publiseringsår 2024, språk: nynorsk/bokmål
Åpen tilgang: omp.novus.no