Blengsdalen, Anne S. (red.): Ord og tonar

Blengsdalen, Anne S. (red.): Ord og tonar

  • 395,00 kr
    Unit price per 
Tax included.


Folkesong i Numedal. Samla av Åsne Bergset


Numedal har rike kulturtradisjonar. Dei fire stavkyrkjene, Kravik-lyra og den dekorative målarkunsten vitnar om velstand og kulturelle impulsar. Kravik-lyra kan ha vore akkompagnement til balladesong. Frå kyrkjene kom salmesongen. 

Klokkaren vart førebiletet for kjøkemeistaren. Religiøse vekkingar tidleg på 1800-talet la grunnlaget for ein særegen songtradisjon. I denne finn vi salmar skrivne av kvinnelege salmediktarar i Europa på 1600-talet. I den verdslege vokaltradisjonen dominerte bånsullar, stev og viser. I Ord og tonar er alt samla mellom to permar.

Åsne Bergset frå Veggli er mellom dei fremste songarane i Numedal. Ho har vore utøvar, læremeistar og tradisjonsberar gjennom eit langt liv. Med denne utgjevinga signerar ho eit livsverk.

Anne Svånaug Blengsdalen er professor i musikkformidling og musikkhistorie ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ord og tonar. Folkesong i Numedal er ei vidareføring av monografien Takt og tonar. Soga om folkemusikken i Numedal (2011). Ved desse utgjevingane er folkemusikktradisjonen i Numedal breitt dokumentert.

 

ISBN 978-82-8390-048-4, 299 sider, innbundet
Format: 20,5x22,5 cm, vekt 1,3 kg, publiseringsår 2020, språk: nynorsk