Kruken, Kristoffer (utg.): Personnamnarbeid av P.A. Munch

Kruken, Kristoffer (utg.): Personnamnarbeid av P.A. Munch

  • 365,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Historikaren P.A. Munch (1810–63) er mest kjend for det store verket Det norske Folks Historie (1852–63), men han gjorde òg banebrytande arbeid i geografi (med kartografi), etnografi, genealogi, myteforsking, runologi, edisjonsfilologi, norrøn språkvitskap og namnegransking.

Arbeida om person­namn (1849, 1854 og 1857) kjem her for første gongen i ei samla utgåve med faghistorisk innleiing, tekstkritiske merk­nader og register. Tilfanget omfattar over 4000 namn med variantar og gjev eit eineståande utsyn over norsk og ger­mansk namnehistorie. Munch går grundig inn på både etymo­logi, ordtyding, lagingsmåtar, lydhistorisk utvikling og skriftformer.

Siktemålet med artiklane var primært kulturelt og ideologisk, med klåre vurderingar og råd, men Munch la samtidig eit vitskapleg grunnlag av avgjerande verdi for personnamn­granskinga i Norden. Med denne utgåva får Munch att sin sjølvsagde plass i faghistoria, og registra gjer det lett å finne kva han seier om dei einskilde namna.

Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namne­gransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje artiklar om etterreformatoriske personnamn og elles gjeve ut Norsk person­namnleksikon (3. utgåva 2013), Sophus Bugges brev (I–III, 2004) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878; 1997), Ordbog over det norske Folkesprog (1850; 2000) og Norsk Ordbog (1873; 2003), dei tre siste i samarbeid med professor Terje Aarset, Høgskulen i Volda.

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid