Haugen, Odd Einar: Norrøn grammatikk i hovuddrag

Haugen, Odd Einar: Norrøn grammatikk i hovuddrag

  • 365,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Norrøn grammatikk i hovuddrag er ein grammatikk over det språket som vart talt og skrive i Noreg og på Island og vesterhavsøyane i mellomalderen, med eit tyngdepunkt på 1200-talet. Frå dette og det neste hundreåret har vi rikeleg med skriftlege kjelder, både i form av handskrifter og brev. Grammatikken er skriven med tanke på studentar ved høgskolar og universitet, men framstillingsforma er slik at den skulle vere tilgjengeleg også for ein vidare krins.

Til hjelp for lesarane har grammatikken ei ordliste der alle fagutrykka er forklarte. Grammatikken skil seg ut ved å ha eit gjennomført samtidig blikk på det norrøne språket slik det var i høgmellomalderen. Det vil seie at i staden for å bruke nemningar på ord- og bøyingsklasser frå urnordisk, brukar grammatikken ei inndeling som synkront er i samsvar med det norrøne språket, og som dermed er lettare å jamføre med moderne norsk.


Odd Einar Haugen er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gjeve ut andre læremiddel i norrønt, m.a. Norrøne tekster i utval (1994) og Grunnbok i norrønt språk (4. utg. 2001). Vidare har han redigert Handbok i norrøn filologi (1. utg. 2004, 2. utvida utg. 2013). Både handboka og denne grammatikken er også utgjevne på tysk.


Innhald

Forord 7

Kap. 1 Bakgrunn 11

Kap. 2 Lydlære 18

Kap. 3 Ord og reglar 37

Kap. 4 Substantivisk bøying 56

Kap. 5 Gradbøying 77

Kap. 6 Adjektivisk bøying 82

Kap. 7 Pronominell bøying 94

Kap. 8 Verbal bøying 99

Kap. 9 Valens og rammer 129

Kap. 10 Leddstilling og kongruens 142

Kap. 11 Omformingar 148

Kap. 12 Kategoriar 154

Ordliste 167

Ordregister 183


ISBN 978-82-7099-830-2, 192 sider, innbundet
Format: 16,5x23,5 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2015, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid