Brunstad/Gujord/Bugge (red.): Rom for språk
Nye innsikter i språkleg mangfald
Kva er det som skal til for at språkleg mangfald skal slå positivt ut for individ og for samfunn? Korleis kan idealet om språkleg mangfald verta forpliktande? Og korleis forstår og handterer ulike samfunn språkleg mangfald – utan at det vert eit problem?
Dette er blant spørsmåla som vert analyserte og drøfta i denne boka.
Artiklane i boka er grupperte i tre delar. Den første delen handlar om korleis språkleg mangfald kan handterast gjennom språkpolitikk. Den andre delen handlar om dei kognitive romma for språkleg mangfald. Den tredje delen handlar om korleis språkleg mangfald vert forstått og praktisert av ulike språkbrukarar.
Artikkelforfattarane er språkforskarar frå Noreg, Sverige, Finland, Færøyane og Canada.
Innhald
Endre Brunstad og Ann-Kristin Helland Gujord: Rom for språk – ein introduksjon
Inn med språket
Markku Suksi: Rätten att använda sitt eget språk
Jarmo Lainio: Språkpolitik implementerad på höjden och tvären – Språkpaket till sverigefinska föräldrar som ett språkpolitisk verktyg
Cecilie Hamnes Carlsen: Språkkrav og statsborgerskap – et testetisk dilemma
Arnfinn Muruvik Vonen: Norsk teiknspråk og tospråklegheit
Inn i språket
Ellen Bialystok: Språkerfaring endrar språklege og kognitive evner
Mila Vulchanova, Tor A. Åfarli, Maria Asbjørnsen og Valentin Vulchanov: Flerspråklighet i Norge: en eksperimentell språkprosesseringsstudie
Nina Schjetne: Utenlandsadopterte barn og språkutvikling
Gunhild Tveit Randen: Rom for språklig bevissthet i ferdighetsmodeller av språk?
Ut i språket
Hjalmar P. Petersen: Tosprogethed med nært beslægtede sprog
Hjalmar Eiksund: Eit fleirtalsspråk med mindretalsfordelar?
Pernille Fiskerstrand: Omsetjing og forståing
Randi Neteland: Å snakke bokmål og å snakke nynorsk
Summaries in English
Om forfattarane
ISBN 978-82-7099-803-6, 306 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 1 kg, publiseringsår 2014, språk: norsk bokmål/nynorsk, dansk, svensk