Hyvik/Walton: 'Der var ruskut å leggja utpå'

Hyvik/Walton: 'Der var ruskut å leggja utpå'

  • 340,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.

 I 2012 er det ti år sidan dei første studentane begynte på mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Vi feirar jubileet med denne boka. Redaktørane inviterte alle som har hatt vitskaplege stillingar ved instituttet til å bidra, og du held resultatet i handa. Mastergraden har vore ei genuint tverrfagleg og komparativ utdanning med skriftkulturen som samnemnar. Dei som har undervist på han har vidt ulike perspektiv på kva skriftkultur er, og på kva han kan brukast til. Dermed er tilnærmingane i denne boka heilt ulike.

Tekstane i denne boka er grupperte i tre bolkar, Opplevd, Innlevd, og Utlevd. Opplevd inneheld fem tekstar om historia til den nynorske skriftkulturen, Innlevd-tekstane handlar om språk, som er grunnlaget for all skriftkultur, og Utlevd handlar om ulike aspekt ved biografisk litteratur, som har vore eitt av hovudinter­esseområda til tilsette ved instituttet.

Redaktørane er Jens Johan Hyvik, førsteamanuensis i historie ved Høgskolen i Telemark, og Stephen J. Walton, professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda.

Innhald

Føreord 7
Stephen J. Walton og Jens Johan Hyvik

Bolk 1: Opplevd

Romantikken og språkdebattene i Danmark og Norge før 1840 13
Jens Johan Hyvik

1814 som kulturhistoriografisk konstruksjon. Ein vitskapsteoretisk refleksjon over eit periodiseringsproblem i norsk språk- og litteraturhistoriografi 33
Arne Apelseth

Learning to be Norwegian: Nation-building as cultural pedagogy in Aasen, Kristvik, Hellesnes and Slagstad 55
J. Peter Burgess

Eit maskulint prosjekt? Kjønnsperspektiv på målreisinga 1885–1940 83
Oddmund L. Hoel

Språk, nasjonalstat og modernisering i Noreg 101
Svein Ivar Angell

Bolk 2: Innlevd

Stramt språk? Mytar om nynorsk 119
Helge Sandøy

Språkpolitikk i Norden 139
Gunnar Skirbekk

Tradisjon og fornying: eit studium i Ivar Aasens fonologiske metode 161
Odd Monsson

Kan dialektkontakt forklare språkendring? 183
Unn Røyneland

Austlandsk (gjen)reising og ny norsk (sic) 207
Toril Opsahl

Diktverkets etterliv. Om Voluspá og Erling Kittelsen 231
Jan Inge Sørbø

Bolk 3: Utlevd

Biografi, filosofi og det eneste som betyr noe. Ray Monk i samtale med Øystein Hide 247
Øystein Hide

Draumen om fridom og porr: Pornografi som biografisk sjølvrealisering 263
Stephen J. Walton

Odd Monsson til minne 311

Forfatterpresentasjoner 313

ISBN 978-82-7099-716-9, 315 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt 0,600 kg, publiseringsår 2013, språk: norsk

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid