Skjekkeland, Martin: Språk og samfunn i endring
Ein studie av tilhøvet mellom lokal identitet og talemålsutvikling
Denne boka handlar om tilhøvet mellom språk og samfunn. By og land og samvariasjonen mellom språkbruk og lokal identitet står sentralt i denne studien. Forfattaren gjennomgår i første del av boka sentrale problemstillingar innafor norsk og nordisk sosiolingvistikk og viser korleis det sosiolingvistiske teorigrunnlaget har endra seg frå 1970-talet og fram til i dag.
I den andre delen av boka blir det gjort greie for ei empirisk gransking av og
om talemålet til 41 ungdommar i Kvinesdal, vest på Agder. Her gjer forfattaren bruk av dei synsmåtane nyare sosiolingvistikk har utvikla i leitinga etter samanheng mellom den språklege strategien til språkbrukaren (ungdommen) og dei sosiale og kulturelle tilhøva den enkelte ungdommen er ein del av. I utgreiinga legg forfattaren særleg vekt på to problemstillingar. Den eine gjeld språkbruken til informantane og den haldninga dei har til det lokalmiljøet der dei er oppvaksne. Den andre gjeld språkbruken til informantane sedd i høve til ei tenking om språk og personlegdom.
Til slutt i boka prøver forfattaren å finna ut kva for påverknadsfaktorar som gjer seg gjeldande i, og er avgjerande for talemålsutviklinga på Agder.
Martin Skjekkeland er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder.
Innhald
Forord 5
Innhald 7
0 Innleiing 13
0.1 Transkripsjon 14
Del I – Teoretisk drøfting 17
1 Sosiolingvistikken – nye emne, nye metodar 17
1.1 Studium av språk og samfunn i Noreg 18
1.2 Det psykososiale og det interaksjonelle kjem i sentrum 20
1.3 Bruken av variablar i sosiolingvistikken. 21
1.4 Sosioøkonomiske og sosiale variablar 21
1.4.1 Sosial lagdeling og sosioøkonomisk status i byar og bygder 22
1.5 Tradisjonelle sosiale variablar – region, alder og kjønn 23
1.5.1 Region 23
1.5.2 Alder 24
1.5.2.1 Er ungdommens språk framtidas språk? 26
1.5.3 Kjønn 27
1.6 Fleire sosiale variablar i nyare granskingar 29
1.7 Språk og identitet 31
1.7.1 Meir om identitet og om knot-omgrepet 35
1.7.2 Staden og lokal identitet 37
1.7.3 Tilpassingsteorien 38
1.7.4 Sosiale nettverk 40
1.8 ”Livsstil” og ”sosiale felt” i sosiolingvistikken 42
1.8.1 Modernitet og tradisjon 43
2 Bygdesamfunnet i endring 46
2.1 Sosiale nettverk i bygdene 46
2.2 Kva meiner dei unge om eiga framtid? 48
2.2.1 Kva er viktig i framtida? 50
2.2.2 To kulturar blant dei unge 52
2.3 Urbanisering – tenkemåte og livsstil 52
2.4 Om tilhøvet by–land 54
2.5.1 Nytt syn på tilhøvet by–land 54
3 ”Personlegdomstenking” i sosiolingvistiske arbeid 57
3.1 Kva meiner psykologane? 62
3.1.1 Danninga av ”sjølvet” 64
3.2 ”Homo domesticus” og ”homo dynamicus” i denne granskinga 65
4 Utvikling av sosiolingvistisk kompetanse 66
4.1 Haldningar som born og unge har til språknormer 67
5 Årsaker til endring og variasjon i talemålet 70
5.1 Kvifor endrar talemålet seg? 70
5.1.1 Om leksikalske endringar i talemålet 73
5.2 Indre og ytre faktorar som drivkrefter i språkutviklinga 74
5.2.1 Indre (innomspråklege) drivkrefter 74
5.2.2 Ytre (utanomspråklege) drivkrefter 75
5.2.2.1 Mobilitet 75
5.2.2.2 Det ”topodynamiske” og det ”topostatiske” mennesket 76
5.2.2.3 Prestisje 77
5.2.2.4 Tildekt (skjult) prestisje – ”covert prestige” 78
5.2.2.5 Skriftspråk og standardtalemål som normeringsfaktorar 79
5.2.2.6 Massemedia 82
5.3 Innflyttarungdom som språklege førebilete? 83
5.5 Dialektnivellering 85
5.4 Regionspråk i Noreg 86
5.4.1 Byen i regionen er viktig 87
5.4.2 Meir om regionaliseringa 88
5.4.2 Utjamning innafor bygda 89
6 Rapportert og faktisk språkbruk 91
6.1 Rapportert og faktisk språkbruk i norske granskingar 92
7 Validitet i kvantitative studiar 94
Del II – Ei empirisk gransking av talemålsutviklinga i Kvinesdal,
vest på Agder 97
A Språk og samfunn på Agder 97
8 Presentasjon av Agder 97
8.1 Om Kvinesdal 97
8.2 Agdergeografien 99
8.3 Agder i eldre tid 99
8.3.1 Vegar 99
8.3.2 Administrative inndelingar på Agder før og nå 101
8.3.3 Kvar bur folket i dag? 102
8.4 Språkgeografi på Agder 103
8.4.1 Dialektgrensene – eit resultat av geografi og historie 103
8.4.2 Tendensar i talemålsutviklinga på Agder dei siste 30 åra 104
a) Austlege dialektdrag breier seg mot vest 104
b) Kystmåla breier seg innover i landet 105
8.4.3 Kristiansand – eit språkleg og kulturelt sentrum? 106
8.4.4 Kva skjer i Kvinesdal–Flekkefjord-området? 108
9 Utveljing av informantar til granskinga 110
10 Språklege variablar 113
10.1 Allment 113
10.2 Språklege variablar i denne granskinga 114
10.2.1 Særmerkt språkdrag 114
10.2.2 Heile storkommunen med unntak av Feda-området 114
10.2.3 Frekvens 114
10.2.4 Strukturell variasjon 115
10.3 Oversyn over dei språklege variablane 115
10.3.1 Spørjeliste som utgangspunkt for eit strukturert intervju – hovudlista 115
10.3.2 Forklaring til tabellane 117
11 Intervju og opptakssituasjon 123
12 OM InnsamlingA av det språklege materialet 125
12.1 Opptak A. Strukturert intervju – sosiale bakgrunnsvariablar og språkleg
kartlegging 126
12.2 Opptak B. Intervju med kvar enkelt om ei teikning og ein teikneserie 127
12.3 Opptak C. Gruppesamtale om ”språk og syn på framtida” 128
12.3.1 Samsvar mellom rapportert og faktisk språkbruk? 128
12.4 Opptak D. Oppfølgingsintervju om identitet og lokal tilhøyrsle 129
12.5 Språkleg materiale som grunnlag for resultatutrekning 129
12.6 Rapportert språkbruk korrigert med faktisk språkbruk 130
12.6.1 Datagrunnlag 130
12.6.2 Gjennomsnittleg bruk av tradisjonelle former 131
12.6.3 Resultatet viser tendensar 131
B Resultat – Sosiolingvistisk del 133
Om presentasjonen av dei framkomne resultata 133
13 Identitet og lokal tilhøyrsle 134
13.1 Dataregistrering – identitet og lokal tilhøyrsle 135
13.2 Resultat – identitet og lokal tilhøyrsle 136
13.2.1 Forklaring til tabellane 137
13.3 Oppsummering og jamføring med andre forskingsresultat 140
13.4 Noko om modernitet og tradisjon 142
14 Språk og personlegdom 144
14.1 Personlegdomstypar – språklege strategiar 147
14.2 Resultat – ”homo domesticus” og ”homo dynamicus” – aldersgruppa 19–28 år 147
14.3 Alle informantane samla 147
14.4 Sosiale og kulturelle ulikskapar mellom personlegdomstypane 148
14.5 Resultat – ”homo domesticus” og ”homo dynamicus” – alle informantane 153
14.6 Fare for samvariasjon med andre sosiale variablar? 153
15 Språk og dei sosiale variablane kjønn, alder, region og
foreldrebakgrunn 155
15.1 Dataregistrering – kjønn, alder, region og foreldrebakgrunn 155
15.2 Resultat – kjønn, alder, region og foreldrebakgrunn 156
15.3 Språk og kjønn 156
15.4 Språk og alder 158
15.5 Språk og region 159
15.6 Språk og foreldrebakgrunn – ”genuinitet” 159
16 Språk og sosiale nettverk 162
16.1 Dataregistrering – sosiale nettverk 162
16.2 Resultat – sosiale nettverk 163
17 Språkhaldningar 164
17.1 Dataregistrering – språkhaldningar 164
17.2 Resultat – språkhaldningar 165
17.3 Haldningar til bymåla på Agder 167
17.4 Andre haldningsresultat 168
18 Oppsummering – lokal identitet og personlegdomstypar 169
18.1 Identitet og lokal tilhøyrsle 169
18.2 Personlegdomstypar 170
19 Oppsummering – andre sosiale variablar 171
19.1 Språk og kjønn 171
19.2 Språk og alder 171
19.3 Språk og region 171
19.4 Språk og foreldrebakgrunn 171
19.5 Språk og sosiale nettverk 172
19.6 Språkhaldningar 172
C Talemålsutviklinga 175
20 Om den konkrete språkutviklinga i Kvinesdal 175
20.1 Sentrale sørvestlandske språktrekk held seg 175
20.2 Prosodi 176
20.2.1 Kvantitet 176
20.2.2 Tonalitet 179
20.3 Vokalisme 179
20.3.1 Diftongering av langvokalane 179
20.3.2 Norrøn lang ó føre velarane g og k 181
20.3.3 Motsetnaden /e:/ ~ /æ:/ 182
20.3.4 Motsetnaden mellom kort ò [o] og kort å [] 182
20.3.5 Innskotsvokalen (svarabhaktivokalen) 183
20.3.6 Dei opphavlege diftongane ei, øy og au 183
20.3.7 Oppsummering av vokalutviklinga i Kvinesdal 185
20.4 Konsonantisme 186
20.4.1 Palatalisering av -g og -k i innlyd 186
20.4.2 Norrøn rn > dn etter kort vokal 187
20.4.3. Lenisering av p, t, k til b, d, g 187
20.4.4 Samanfall av kje- og sje-lyden? 188
20.5 Formverket 189
20.5.1 Substantiv 189
20.5.2 Adjektiv 192
20.5.3 Pronomen 194
20.5.4 Verb 196
20.6 Leksikalske endringar 205
21 Oppsummering av den konkrete språkbruken 209
21.1 Særdrag som held seg godt 209
21.1.1 Infinitiv og svake hokjønnsord ub. eint. 209
21.1.2 Vokalismen 210
21.1.3 Konsonantismen 210
21.1.4 Substantivbøyinga 210
21.1.5 Pronomen 211
21.1.6 Verb 211
21.2 Særdrag der endringane er større 212
21.2.1 Prosodien 212
21.2.2 Vokalismen 212
21.2.3 Konsonantismen 213
21.2.4 Substantivbøyinga 213
21.2.5 Adjektiv 213
21.2.6 Pronomen 214
21.2.7 Verb 214
21.2.8 Endringar i leksikon 214
22 Hovudlinjer i talemålsutviklinga vest på Agder 215
22.1 Drivkrefter i dialektutviklinga i vestre Vest-Agder 216
23 Konklusjon 222
24 Litteraturliste 227
25 Vedlegg 239
Vedlegg 1 – Synet på heimbygda og på tilhøvet by–land 239
Vedlegg 2 – Synet på dialektbruk – språkhaldningar 242
Vedlegg 3 – Hovudlista – sosiale og språklege variablar 244
Vedlegg 3, del A: Sosiale variablar knytte til kvar informant 244
Vedlegg 3, del B: Språklege variablar – registreringar 247
Vedlegg 4 – Teikningar som grunnlag for samtale 252
Vedlegg 5 – Språk og syn på framtida 254
Vedlegg 6 – Oppfølgingsintervju – intervjuguide 256
Vedlegg 7 – Informantar i denne granskinga 258
Vedlegg 8 – Bruken av tradisjonelle og nyare former hos
informantane 259
Vedlegg 9 – Kart over Vest-Agder 260
Vedlegg 10 – Kart over Kvinesdal kommune 261
ISBN 978-82-7099-563-9, 261 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt 0,5 kg, publiseringsår 2009, språk: nynorsk