Tveito, Finn: Det vandrande mennesket

Tveito, Finn: Det vandrande mennesket

  • 290,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Mennesket er eit oppreist, vandrande vesen. Dette er den konkrete årsaka til vår suksess som art. Likevel er det sjeldan me tenkjer over kor viktig det er å kunna gå eller vandra. Særleg dei formålslause, upretensiøse vandringane har ein tendens til å bli oversette.

For å utforska den livsviktige aktiviteten som vandring er, har forfattaren teke for seg mange tekstar i ulike sjangrar, frå romantikkens idealistiske syn på det å vandra og fram til vår tids vandremåtar. Ein gjennomgåande idé er at det er naudsynt å vandra for å få ei god forståing av dei omgjevnadene me har rundt oss, anten det dreiar seg om naturen eller om urbane miljø. Vandraren er dessutan ein potensiell opprørar, sidan det å vandra kan innebera ein stille protest mot den dominerande plassen som bilen har i samfunnet. Boka har elles eigne kapittel om forholdet mellom vandring og tenking, og om samanhengen mellom vandring og poesi. I visse tilfelle blir vandring og skriving to sider av same sak, for i begge aktivitetane dreiar det seg om å utforska det rommet me alle lever i. Vandring og skrift glir i hop til éin, meiningsskapande aktivitet.


Finn Tveito har dr.art.-grad i allmenn litteraturvitskap, og er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

Innhaldsliste

Innleiing 7

Kapittel 1: Vandring i romantikkens lys 21

Wordsworth og den poetiske vandraren 22

Vandreessayistane 32

Henry David Thoreau 44


Kapittel 2: Byvandring 57

Flanøren 59

Virginia Woolf 78

Vandring og skrift i tre norske romanar 88


Kapittel 3: Vandring og tenking 107

Den tenkjande vandraren: Gehen

av Thomas Bernhard 108

Vandring som middel til erkjenning:

Die Abwesenheit av Peter Handke 115

Skisse til ein vandrefilosofi 124


Kapittel 4: Vandring og poesi 135

Morgongryets vandrar: Arthur Rimbaud 136

Vandredikt 150


Kapittel 5: Fleire steg, nye perspektiv 167

Vegen, stien 169

Når vandraren stansar: Slottet av Franz Kafka 174

Energien frå vandringa: Gå. (Eller kunsten

å leve et vilt og poetisk liv) av Tomas Espedal 180

Er vandraren ein opprørar? 196


Sluttord 211


Notar 221


Litteratur 239


ISBN 978-82-7099-539-4, 248 sider, heftet
Format: 12x19,5 cm, vekt 0,3 kg, publiseringsår 2010

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid