Omdal/Røsstad (red.): Språknormering - i tide og utide?

Omdal/Røsstad (red.): Språknormering - i tide og utide?

  • 310,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Denne boka inneheld 19 artiklar om spørsmål knytte til språk­normering i fleire ulike europeiske språksamfunn. I tillegg til presentasjonar av forhold i Danmark og Sverige blir lesarane gitt ei oversikt over arbeidet med den tyske Rechtschreibreform. Denne reforma blei innført i statstenesta i 1998, men førte til kraftig og årelang motstand.

Av dei andre artiklane i antologien er dei aller fleste relatert til norske forhold, men også islandsk og finlandssvensk er representert, saman med framstillinga av språkkampen i det flamske området av Belgia.

Mange språknormeringstema og problemstillingar er diskutert i artikkelsamlinga, blant anna tradisjonelle spørsmål, som gjeld ortografi, morfologi og teiknsetting, og valfriheit i rettskrivinga, men også meir teoretiske spørsmål blir drøfta, som til dømes det ideologiske grunnlaget for framtidig språklig normering. Andre tema som blir tatt opp, er omgrepet standardspråk, holdningar til språkbruk og nynorsknorm, normering av person- og stadnamn, og synspunkt på ‘godt’ språk.

ISBN 978-82-7099-518-9, 299 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 0,8 kg, publiseringsår 2009, språk: norsk (bokmål og nynorsk), dansk, svensk, English (2 articles)

 

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid