Røsstad, Rune: Den språklege røynda
Ein studie i folkelingvistikk og dialektendring frå austre Vest-Agder
Kva veit folk flest - ikkje-lingvistar - om endring og variasjon i eigen dialekt? Er oppfatningane deira i samsvar med talemålet slik det faktisk blir brukt, og slik det blir beskrive av språkvitarar, eller er vanlege folks oppfatningar misvisande og lite dekkjande for stoda? Og kvifor er oppfatningane som dei er? Byggjer dei på haldningar og verdiar eller på kunnskapar og observasjonar? Har spåkvitarane noko å lære av desse oppfatningane? Det er slike spørsmål folkelingvistikken dreier seg om.
Denne boka sameiner to "greiner" innafor sosiolingvistikken: På den eine sida er siktemålet å få undersøkt kva folk oppfattar av, og meiner og trur om forhold som er knytte til talemålet. Denne tilnærminga er folkelingvistisk, og ho representerer noko nytt innafor nordisk sosiolingvistikk. Den andre tilnærmingsmåten dreier seg om korleis dialektal endring skjer i eit geografisk avgrensa område, nærare bestemt om korleis ulike variasjonsforhold i talemålet syner utvikling og endring over tid. I boka står desse to tilnærmingane på kvar sine bein, men blir deretter førte saman. Slik kastar dei lys over kvarandre, og slik gjev dei ei grundigare og meir fullstendig innsikt i talemålsforhold i dei lokalsamfunna som er undersøkte.
Undersøkinga som ligg til grunn for boka, er gjort i austre Vest-Agder, som er ein del av kristiansandsregionen sentralt på Sørlandet.
ISBN 978-82-7099-495-3, 358 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,91 kg, utgivelsesår 2008