Lockertsen, Roger: Namnet på byen Trondheim

Lockertsen, Roger: Namnet på byen Trondheim

  • 310,00 kr
    Unit price per 
Tax included.


Er Nidaros, Kaupang eller Trondheim det eldste namnet på byen Trondheim? Byen har offisielt heitt Trondheim sidan 6. mars 1931, heitte Nidaros frå 1.1.1930 og Trondhjem i hundreåra før. Den store namnestriden på 1920-talet var ikkje minst ein strid om opphav og alder på namna. Roger Lockertsen analyserer i denne avhandlinga den faglege argumentasjonen for og imot namna og namneformene. Han finn at Trondhjems-tilhengaren, professor Didrik Arup Seip konkluderer på sviktande grunnlag, og at Nidaros-forkjemparen, professor Gustav Indrebø har mykje rett. Men dei tek begge feil i teorien om eit ­paveleg namneskifte på byen i 1172.

Lockertsen har gått til originalkjeldene, nylese dei og dessutan funne nye mellomalderkjelder til å kunne bestemme alderen på bynamnet Nidaros. Etter studiar av handskrifter med norske bynamn i Vatikan-arkivet, Firenze, Leiden og Det Kongelige Bibliothek i København konkluderer han med at Nidaros er eldste bynamnet.

Roger Lockertsen er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han har forska i og publisert innafor emne som språkhistorie, dialektar og normativ grammatikk. Denne avhandliga blei forsvart for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen 8.9.2006.

ISBN 978-82-7099-469-4, 268 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,43 kg, publiseringsår: 2007

Se innhold her.

The XE.com Universal Currency Converter