Vikør, Lars S.: Språkplanlegging

Vikør, Lars S.: Språkplanlegging

  • 300,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.

Only 0 left!

Norge er internasjonalt kjent som eit "laboratorium" for språkplanlegging. I denne boka blir emnet behandla frå ein internasjonal synsvinkel, samtidig som norske problemstillingar i stor grad blir dregne inn som eksempel.

Boka inneheld ei prinsippiell drøfting av sjølve omgrepet språkplanlegging og gir ei framstiling av kva dette reint konkret inneber og kva slags instansar som utfører eller deltar i denne verksemda. Men før det blir objektet for språkplanlegginga lagt under lupa: Omgrep som "språk", "norm" og "normal" blir analysert og definert, og tilhøvet mellom skrift og tale blir belyst. Ein stor del av boka går med til å systematisere og drøfte dei ulike - ofte motstridande - prinsippa og argumenta som spelar (eller kan spele) ei rolle i språkplanlegginga. I det siste kapitlet blir så sentrale problem i norsk språkplanlegging drøfta på bakgrunn av desse prinsippa.
Ny og ajourført utgåve i 2007.

Lars S. Vikør, fødd 1946, er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør for Norsk Ordbok.

ISBN 978-82-7099-459-5, 256 sider, heftet
Format: 14,5x20,5 cm, vekt: 0,4 kg, publiseringsår 2007

 

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid