Sandøy, Helge og Kari Tenfjord (red.): Den nye norsken?

Sandøy, Helge og Kari Tenfjord (red.): Den nye norsken?

  • 340,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.

Only 0 left!

Nokre peilepunkt under globaliseringa

Det norske språksamfunnet har komme stadig nærare andre språk, pga. større innvandring til Norge, ved at nordmenn reiser meir utalands, og ved at handel og kulturkontaktar over grensene aukar. Dette mangfaldet gir forskings- og undervisningsfaget nordisk nye utfordringar, for gamle verdiar treng ikkje vere gyldige lenger. Dessutan gir det oss nye mulegheiter til språkinnsikter og språkkulturell refleksjon.

Artiklane i denne boka drøftar språklege sider ved globaliseringa, og dei koplar den nye situasjonen til læreplanar og skoleverk. Nye idéar om norskfaget som del av ei multikulturell nasjonsbygging blir lansert. I fleire av artiklane blir det også studert korleis samfunnsmedlemmene opplever språkpresset og har holdningar til kulturimpulsane utafrå - både i dei ymse nordiske samfunna og i subkulturar i norske lokalmiljø.

Den nye språksituasjonen representerer eit stort kulturmøte mellom den tradisjonelle norske kulturen og ei ny gruppe på sirka 300 000 som snakkar norsk med aksent og har både andre religionar og andre namn. Kulturmøtet gir konkrete utfordringar for f.eks. namnetradisjonen vår. Dessutan må vi utvikle ord og bevisstheit for å kunne omtale den nye språkvariasjonen rundt oss. Det blir drøfta i denne boka, og vi får sjå korleis språkkulturen aktualiserer spørsmål om aksept, toleranse og integrering. Emnet innvandrarnorsk blir ført vidare i studiar av språklege særpreg som er resultat av ulike språkbakgrunnar, og i ei drøfting av kva språkkrav vi skal sette til dei som brukar norsk som andrespråk.

Innfallsvinklane er mange, og alle som har skrive til denne boka, har på ein eller annan måte vore knytt til prosjektet Den nye norsken. Norsk språk i nærkontakt med andre språk (ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen). Forfattarane er: Endre Brunstad, Cecilie Carlsen, Thor-Ola Engen, Jon Erik Hagen, Ann-Kristin Helland, Lars Anders Kulbrandstad, Maria Elisabeth Moskvil, Helge Sandøy, Jørgen Sejersted, Katrin Saarik, Kari Tenfjord, Ivar Utne og Aasne Vikøy.

ISBN 978-82-7099-449-6, 316 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,6 kg, publiseringsår 2006

 

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid