Hagland, Jan Ragnar: Literacy i norsk seinmellomalder

Hagland, Jan Ragnar: Literacy i norsk seinmellomalder

  • 220,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Seinmellomalderen har allment sett gjerne vore karakterisert som ei nedgangstid i norsk historie. Nedgangsmotivet har jamt vore framheva både i allmennhistoriske og kulturhistoriske framstillingar av perioden mellom Svartedauden og byrjinga av eldre nytid først på 1500-talet. Dét gjeld også for oppfatningar av spørsmålet om korleis det har vore med bruk av skriftspråk i perioden i vid tyding - det ein i dag gjerne samanfattande omtalar som ‘literacy’ også i framstillingar på norsk. Eit mørkt bilete av skriftkulturen har vore teikna, og ein nedgang i talet på lese- og skrivekunnige har vore framheva. Føreliggjande arbeid har freista sjå omatt på overlevert skriftleg tilfang på norsk i tida frå om lag 1350 til om lag 1500. I hovudsak gjeld det brev med eit rettsleg innhald i vid tyding av ordet. Ved å kombinera kvantitative observasjonar med eit nærare tekstleg studium av overlevert tilfang er det søkt å komma attom det reint kvantitative forhold synest å seia om nedgang og forfall. Ein slik tekstbasert studie av skrift synest å gjera oppfatninga av forfall mindre sikker. Det som her er kalla ein litterariseringsprosess, synest å ha gått sin gang seinmellomalderen igjennom også i norsk samanheng - trass i fråvere av sentrale riksskapande institusjonar. Arbeidet kan såleis også på visse måtar sjåast som eit framhald av boka Riksstyring og språknorm utgjeven av same forfattar på Novus forlag i 1986.
Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid