Kleiven, Ivar: I gamle Daagaa

Kleiven, Ivar: I gamle Daagaa

  • 395,00 kr
    Unit price per 
Tax included.


Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa


I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa (1908) er eit av hovudverka til Ivar Kleiven og skildrar folk og hendingar i Vågå i gammal tid.

Boka sameinar munnleg tradisjon og skriftlege kjelder i ein levande heilskap, og stilen og den medrivande forteljemåten har knapt sin like og gjev Kleiven plass mellom dei fremste bygdehistorikarane. Mykje av tradisjonstoffet han fekk berga, er i dag ikkje å finne nokon annan stad.

Boka fortel om hulder og underjordiske, skyttarar og kjempekarar, bygdekunstnarar, gamle ætter og dramatiske hendingar som kristningsferda til Heilag Olav i 1021, slaget ved Kringen i 1612 og storofsen i 1789. Den lokale språktonen legg ekstra farge til framstillinga.

Den nye utgåva er trykt ordrett etter originalen og har dei same illustrasjonane, fleire hundre fotnotar og eit omfattande personregister. Klaus Johan Myrvoll har ein grundig artikkel om Kleiven og ættegranskingane hans.

Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken har tidlegare gjeve ut Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932 (2017). Ei tekstkritisk utgåve av Kleivens I Heimegrendi (1908) er under arbeid.

 

Gudmund Harildstad (f. 1965) er redaksjonsmedarbeidar i Dag og Tid.


Kristoffer Kruken (f. 1950) er professor i namnegransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.


Klaus Johan Myrvoll (f. 1981) er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for kultur- og språkvitskap, Universitetet i Stavanger.