Sandøy, Helge o.fl. (red.): Den fleirspråklege utfordringa

Sandøy, Helge o.fl. (red.): Den fleirspråklege utfordringa

  • 210,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Språket har ei sterk symbolsk makt, og det blir brukt av nasjonalstaten til åskape orden, einskap og stabilitet. Variasjon og fleire språk skaper usikker-heit om ideal, om grenser og om hegemoni. Siste tiåra har samfunna våre fåttfleire språkgrupper, og vi er pålagde å gi minoritetane vilkår for å bevare ogutvikle særdraga sine, språket sitt og kulturen sin. Det gamle verdsbiletet vårtstemmer derfor ikkje lenger.Denne boka tek opp spørsmål som er aktualiserte av den moderne inter-nasjonaliseringa: språklege rettar og plikter, identitetsdanning og ideologiskeideal om individualitet, holdningar til innvandrarar som snakkar språket vårt,og den sosiale og økonomiske gevinsten ved å la elevane få utvikle morsmåletsitt. Artikkelforfattarane kjem frå fleire land og arbeider innafor område somspråkvitskap, språkkultur og språkpedagogikk: Jannis Androutsopoulos,Sigve Gramstad, Jon Erik Hagen, Lars Anders Kulbrandstad, Pia Quist, HelgeSandøy, Stephen J. Walton og Eddie Williams.

Redaktørane av boka arbeider i prosjektet Den nye norsken. Norsk språk inærkontakt med andre språk(ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen).

ISBN 978-82-7099-387-1, 136 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,34 kg, publiseringsår 2004
Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid