Venås, Kjell- Sigurd Kolsrud

Venås, Kjell- Sigurd Kolsrud

  • 310,00 kr
    Unit price per 
Tax included.


Dette er ein fagleg biografi om Sigurd Kolsrud (1888-1957), som i 1923 følgde etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. Kolsrud hadde dette embetet i 35 år.Boka gjer greie for det Kolsrud gjorde som vitskapsmann på ymse felt. Han skreiv om norske målføre, særleg austlandsmål, og han gav ut kjeldeskrifter til målsoga og kultursoga elles. Fyrst merkte han seg ut med eit tidleg og sjølvstendig tilskot til allmenn språkvitskap, boka Maal og maalgransking (1922). Særleg i ungdomen og gjennom bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt, om nye bøker og andre emne som var oppe i tida. Både då og seinare gjorde han mykje av seg i ordskiftet om nynorsk målreising og norsk målvokster. Han hadde særmerkte og sterke synsmåtar på nynorsk skriftnorm og på tilhøvet mellom skriftmåla våre. Sigurd Kolsrud la eit grunnlag for gransking av norsk talemål ved å skapa og byggje ut Norsk målførearkiv, og i ti år (1931-41) var han den daglege leiaren av det førebuande arbeidet med Norsk Ordbok. Eit kapittel om kvar av desse institusjonane gjev eit bilete av den fyrste soga deira. Lesaren møter mange personar i det vitskaplege miljøet og det allmenne kulturmiljøet i samtida. Eit kapittel gjer greie for arbeidet med nye doktoravhandlingar. Boka har òg nokre ord om folk som stod Sigurd Kolsrud nær, om heimen han bygde saman med kona Dorothea og om etterkomarane deira. På det eine biletet her ser vi han saman med nære skyldfolk, på det andre i lag med sonedottera Anne Dorothea.