Alhaug, Gulbrand: Fornamn i Noreg frå 1900 til 1975

Alhaug, Gulbrand: Fornamn i Noreg frå 1900 til 1975

  • 260,00 kr
    Unit price per 
Tax included.


For fyrste gong ligg det føre ei større landsomfattande undersøking av fornamnsmotar på 1900-talet. Materialet, som går frå 1900 til 1. jan. 1975, er inndelt i tre periodar: I (1900?24), II (1925?49) og III (1950?74). Det er lagt særleg vekt på å undersøke endringar i namnemønsteret frå periode til periode. I denne samanhengen er omgrepet markørnamn sentralt. Eit markørnamn er eit namn som endrar seg markant i popularitet frå éin periode til den neste. Det er to typar av markørnamn ? ned-namn og opp-namn. Døme på ned-namn frå periode I til II er Adolf og Borghild, mens Kjell og Tove er opp-namn i den same fasen. Eit sentralt funn er at det er mykje større endringar i namnemønsteret for kvinnenamna enn mannsnamna, og forfattaren gjer greie for grunnar til dette. Når det gjeld innlånte namn, viser det seg at tyske namn går tilbake, t.d. Adolf og Rudolf, mens engelske namn, særleg mannsnamn, har hatt sterk framgang utover på 1900-talet, t.d. Ronald, Kennet, Roger, Tommy, Ronny. Også namn innlånte frå Danmark og Sverige har ein markant auke, t.d. Bodil, Helle, Mette - Ulla, Elin, Jøran, Ørjan. Den språklege strukturen i namna har endra seg mykje på 1900-talet. I periode II går såleis lange namn sterkt tilbake, t.d. Kornelius, Emanuel, Karoline, Antonie, mens namn med berre éi staving er i vinden, t.d. Bjørg, Unn, Bjørn, Pål. I periode II er det også ein klar auke for tostava namn på -e ? både i kvinnenamn og mannsnamn, t.d. Tone, Lise, Grete, Venke ? Terje, Tore, Jarle. I periode III kjem det så ein ny generasjon av slike namn, t.d. Bente, Hanne, Hege, Hilde, Tone ? Rune, Frode, Are, Ståle. For kvinnenamna kan det i somme tilfelle stillast opp par der namnet på -e kjenst "moderne" og det tilsvarande på -a "gammaldags", t.d. Hilde - Hilda. I denne boka kjem forfattaren også inn på ein del metodiske spørsmål i samband med namneundersøkingar.

Gulbrand Alhaug er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø.