Noss, Aagot: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark

Noss, Aagot: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark

  • 350,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Instituttet for sammenlignende kulturforskning/The Institute for Comparative Research in Human Culture (IFSK). Serie B, 112.

Framstillinga tek for seg og drøftar kvinnekleda i den tradisjonelle folkedraktskikken i Vest-Telemark, kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Tidsrommet er frå midten av 1600-talet fram til ca. 1920. Klesskikken har vore i endring, sterkast frå og med 1880-åra då dei tradisjonelle kleda vart bytta ut med samtida sine klesmotar. Då utvikla bunaden seg. Han var avgrensa til fest- og høgtidsbruk og vart og er eit minne om det som har vore. Utgangspunktet og grunnlaget for framstillinga er forfattaren sitt feltarbeid i Vinje og Lårdal i 1960-åra. Opplysningane som informantane gav om skikk og bruk er det i dag vanskeleg, ja beint fram uråd å få tak i. Feltarbeid-tilfanget er sett i samanheng med andre kjelder. Det er bilete i folkekunsten, kunstnarbilete og gamle fotografi. Hovudkjelda for perioden ca. 1665 til omlag 1800 er skiftetilfanget. Elles er både prenta og uprenta kjelder nytta.

We Also Recommend

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid