Glette, Kåre: Høvesdikting

Glette, Kåre: Høvesdikting

  • 239,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Forord

Høvesdikting (eller leilighetsdikting) er dikt som er skrivne for eit festleg eller minneverdig høve. Denne form for dikting spelte ei sentral rolle i Tønsbergs litteræære liv på 1800-talet. Forfattaren Tilla Valstad, som var fødd og oppvaksen i Tønsberg, har sagt at "man brukte å si" om ein bestemt høvesdiktar at han var like viktig som kokkekona når ein skulle planleggja ein vellykka fest.

I denne studien prøver eg å forstå høvesdiktinga. Eg påstår at den var den karakteristiske litterære ytringsforma i Tønsberg i perioden 1840 til 1890. Høvesdiktet var ein kollektiv og represen tativ sjanger knytta til borgarskapet. Det blei brukt i ei rekkje ulike brukssituasjonar, og det eksisterte innanfor ein lokal litterær insti tusjon der det ikkje eksisterte skarpe grenser mellom forfattaren og publikum og kunsten og livet.

Opphavleg blei denne studien skriven som del av ei større avhandling om "Vestfold og litteraturen". Eg takkar Olav Solberg, Per Olav Kaldestad og Willy Dahl som vurderte avhandlinga og gav meg inspirasjon til å arbeida vidare med stoffet. Ein særskilt takk til professor emeritus Willy Dahl som har kveikt og kritisert, og ikkje minst lært meg omredigering. Han har også lese gjennom den endelege versjonen og komme med verdfulle kommentarar. Også ein stor takk til (det tidlegare) Høgskolestyret i Vestfold og Avdeling for Kompetanseutvikling ved Eik lærarhøgskole som har gitt meg vikarstipend for å arbeida med Vestfoldlitteratur. Og ikkje minst takk til Noregs Forskingsråd som har gitt publiserings tønad til studien.

Eik,Tønsberg desember 1991 / juni 1995

Kåre Glette

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid