Glomnes, Eli et al.: At føle paa Nationens Puls

Glomnes, Eli et al.: At føle paa Nationens Puls

  • 183,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


«At føle paa Nationens Puls»> er ei samling med nye artiklar om ulike sider ved forfattarskapen til Aasmund O. Vinje. Boka byggjer på eit Vinje-seminar ved Telemark distriktshøgskole hausten 1990.

Målet med seminaret var å vise Vinjes internasjonale sider. Vinje kan ikkje isolerast verken til Telemark eller til nynorsk ideologi; han spelar på eit stort intellektuelt register. Vinje-forskinga har eit veldig spenn, frå Sigmund Skards pionerverk A. O. Vinje og antikken (1938) til Jon Haarbergs Vinje på vrangen (1985). Vinje er tolka både som klassikar og som rabulist.

Denne boka vil føre Vinje-forskinga vidare. Her er arti klar om Vinjes teologi og om natursynet hans. Genrestudiar tek for seg lyrikk, reiseskildringar og journalistikk. Vinjes plass i leseverk og litteraturkritikk er òg med.

Tittelen på boka er henta frå ein artikkel Vinje skreiv i Drammens Tidende i 1851. Her forklarte han kva jour nalistens ansvar eigentleg var. Vinje såg for seg den ideelle skrivaren som følte «paa Nationens Puls»>. Tittelen er meint å skulle vise til Vinjes plass i historisk samtid, men òg minne lesarar i dag om kor aktuell Vinje stadig er.

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid