Stemshaug, Ola: Stridane om bynamna Fosna - Kristiansund

Stemshaug, Ola: Stridane om bynamna Fosna - Kristiansund

  • 168,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Denne utgreiinga tek for seg eit emne som tidlegare mest ikkje har vore drøfta i moderne norsk språkhistorie. Til no har ein særleg vore oppteken av normeringa av skriftsystema våre og ikkje minst den språkstriden som følgde med fornorskinga av skriftspråket vårt. Dei store stridane om oppnorskinga av namneverket har vore mindre påakta av språkhistorikarane. Ikkje minst gjeld det dei mange stridane om endring av bynamna våre, m.a. Fosna Kristiansund. I dag er dette heilt ukjent for folk flest. Men i Kristiansund var det fleire harde stridar om bynamnet, frå slutten av 1800-talet til midt i mellomkrigsåra. Denne studien skildrar desse stridane og plasserer dei i sin språkhistoriske samanheng. Det er lagt særleg vekt på argumentanalysen og dei politiske følgjene av stridane.

Ola Stemshaug, f. 1936, er førsteamanuensis ved Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim. Han har tidlegare m.a. gjeve ut bøkene Namn i Noreg (3.utg. 1985), Språkleg tradisjon (1978), og redigert Norsk stadnamnleksikon (3. utg. 1990), saman med Jørn Sandnes, og Norsk personnamnleksikon (1982).
Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid