Jahr, Ernst Håkon/Olav Skare: Nordnorske dialektar

Jahr, Ernst Håkon/Olav Skare: Nordnorske dialektar

  • 281,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Nordnorske målføre er framleis langt mindre utforska enn målføra andre stader i landet. Det kjem såleis ikkje sjeldan fram galne opplysningar og misvisande påstander om nordnorske dialektar, også i nye godkjende lærebøker i norsk for den vidaregåande skolen. Denne boka er blitt til ut frå ønsket om å gjere den viktigaste kunnskapen vi har om nordnorske dialektar og språkforhold lett tilgjengelig for studentar i norsk, men óg for forskarar, elevar og språkinteresserte elles. Boka er delt i to delar. Den første delen, av Ernst Håkon Jahr og Olav Skare, gir eit oversyn over nordnorske dialektar. Her finn ein kart og utførlege kommentarar til alle dei viktigaste målmerka, og kommenterte målprøver frå heile Nord-Noreg. I den andre delen er det samla dels oversynsartiklar og dels bidrag som drøftar spesielle tema i nordnorske målføre og språk. Det er her m.a. lagt vekt på å få med arbeid av forskarar som i særleg grad har bidratt til utforskinga av språkforholda i Nord-Noreg. Desse forfattarane er med i den andre delen av boka: Ingvild Broch, Toril Bugge, Tove Bull, Hallfrid Christiansen, Kåre Elstad, Toril Fiva, Eskil Hanssen, Hildur Hatlebrekke, Ragnvald Iversen, Ernst Håkon Jahr, Alfred Jakobsen, Jorid Hjulstad Junttila, Bente Martinussen, Brit Mæhlum og Kjell Ivar Vannebo.Ernst Håkon Jahr (f. 1948), dr. philos., dr. h. c., professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø. Olav Skare (f. 1959), cand. philol. med nordisk hovudfag, førstekonsulent ved Universitetet i Tromsø.

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid