Sletten, Vegard: Christopher Bruun. Einsleg stridsmann

Sletten, Vegard: Christopher Bruun. Einsleg stridsmann

  • 221,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Heilt til for nokre år sia var det ukjent her i landet at heimen til den finske nasjonalskalden Johan Runeberg i Borgå i Finland gøymer ei samling brev frå folkehøgskulemannen og presten Chri stopher Bruun til ungdomsvennen, bilethoggaren Walter Rune berg, son til Johan Runeberg. Dette livslange brevskiftet - frå 1865 til 1919 - kastar på fleire måtar nytt lys over livet til Christopher Bruun, og det var det uventa funnet av brevsamlinga i Borgå som fekk meg til å skrive denne boka.

Minst eitt av Christopher Bruuns brev til Walter Runeberg er bortkomme, men det er att 36. Derimot finst berre tre av Walter Runebergs brev til Christopher Bruun og 14 som han skreiv til mor hans, enkjefru Lina Bruun. Truleg skreiv Runeberg om lag like mange brev til Bruun som han fekk sjølv. Men Christopher Bruuns brev les ein for det meste like godt, om ein ikkje kjenner innhaldet i dei fleste breva han fekk frå Walter Runeberg.

Dei to vennene hadde vore i lag i Rom i mest tre år, da dei reiste heim kvar til sitt land i 1865. Fram til 1872 er det gøymt 18 brev frå Christopher Bruun, mange av dei lange og innhaldsrike. Etter kvart blir så breva stuttare, og det blir lenger mellom dei, stundom fleire år. Nå inneheld dei helst helsingar til «Vennen fra gamle Dage» og opplysningar om korleis kvar av dei lever på sin kant. Dei tunge tidene for Finland frå slutten av 1800-talet er bakgrunn for fleire av Bruuns brev, og i 1906 møter han endeleg Runeberg att i Finland. Med helsing og gode ønskje frå Walter Runeberg til Christopher Bruuns 80 års dag er tida ute og punktum blir sett.
Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid