Venås, Kjell: For Noreg og Ivar Aasen

Venås, Kjell: For Noreg og Ivar Aasen

  • 244,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.

Only 3 left!

Gustav Indrebø (1889-1942) sette store og varande merke etter seg i ånds- og kulturlivet vårt. Han var dosent i norrøn filologi og professor i vestnorsk målføregransking. Det vitskaplege arbeids-området hans femnde vidt, og han har skrive overlag mykje både av reint vitskapleg og av meir populært slag. Det gjeld norrøn filologi, soge, stadnamn og målsoge. I den fyrste halvdelen av boka har desse arbeidsfelta fått kvart sitt kapittel. Dei vide faglege kunnskapane åt Indrebø var bakgrunn for ei levande interesse for norsk mål i samtida. Båe delar sette frukt i arbeid for nynorsk mål. Som målreisar og stridsmann for det norske er Indrebø ein av dei aller største. Den andre halvdelen av boka gjer greie for den sida av innsatsen hans. Her er det mellom anna fortalt om ei rettssak mot Indrebø og om striden om skriftnorma i trettiåra, då Indrebø var føraren for dei som ville halde på i-målet. Til slutt er det eit kapittel om korleis forfattaren ser på mennesket Gustav Indrebø.

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid