MIN 4. Kristiansen, Tore  et al. (red.) - Nordiske språkhaldningar

MIN 4. Kristiansen, Tore et al. (red.) - Nordiske språkhaldningar

  • 230,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert.


Telefon heiter telefon på skandinavisk, puhelin på finsk og sími på islandsk. Men kva heiter den elektroniske tekstformidlaren som for mange no er både telefon og post på ein gong? E-mail, mail, e-post, sähköposti, tölvupóstur, teldupostur? Det fortel ikkje denne boka. Men ho fortel noko om kva vanlege folk i sju nordiske språksamfunn helst vil at dette kommunikasjonsmiddelet skal heite. Og ho gir svar på mange andre spørsmål: Kven i Norden er det som bruker mest engelsk? Er det sant, eller berre ein myte, at islendingar er meir negative til lånord enn nordmenn? Kjenner danskane seg tryggare med bodyguards enn med livvagter? Og drøymer finnar flest om at dei hadde engelsk som morsmål saman med alle andre på jorda? Dette er nokre få av ei rekkje spørsmål som er blitt stilte til nesten 6000 informantar i sju nordiske språksamfunn: Danmark, det finsktalande Finland, Svenskfinland, Færøyane, Island, Noreg og Sverige. Boka er ein del av det store prosjektet "Moderne importord i språka i Norden", som i andre band i denne rapportserien tek for seg bruken av slike importord, normeringa, skrift- og uttaletilpassing, innføring av nasjonale ord for å unngå importorda, og haldningar hos utvalde grupper. I dette bandet analyserer vi meiningane som folk i Norden har om bruk av engelsk, kor ofte dei bruker engelsk, og til kva føremål. Vi spør om kva dei meiner om dei engelske importorda i språket, både generelt og i forhold til nokre konkrete enkeltord. Vi spør òg om kva dei meiner om at stadig fleire bedrifter i landa deira bruker engelsk som arbeidsspråk, og om dei tykkjer det hadde vore bra om alle på jorda hadde engelsk som morsmål. I tillegg har vi eit par meir generelle spørsmål. Svara analyserer vi i forhold til ulike bakgrunnsvariablar: kjønn, aldersgrupper, inntekt, utdanning, landsdel, forholdet til datateknologi, og samfunnssyn. Kvart samfunn har fått eit kapittel i boka. Forfattarane er Tore Kristiansen (Danmark), Pirkko Nuolijärvi (Finskfinland), Leila Mattfolk (Svenskfinland), Jógvan í Lon Jacobsen (Færøyane), Kristján Árnason (Island), Lars S. Vikør (Noreg) og Olle Hammermo (Sverige). Til slutt får vi ei jamføring mellom alle landa, spørsmål for spørsmål, ved dei to redaktørane.

Moderne importord i språka i Norden 4.

ISBN 978-82-7099-439-7, 248 sider, innbinding: heftet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,53 kg, publiseringsår: 2006

Se innhold her.


Vi anbefaler også