Schmidt, Tom: Stadnamn i Øystre Slidre

Schmidt, Tom: Stadnamn i Øystre Slidre

  • 390,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Stadnamn i Øystre Slidre er eit leksikon over dei mest kjende – og ein god del mindre kjende namn i denne vakre bygda. Namna er henta frå kart, frå eldre og yngre skriftlege kjelder, men framfor alt frå eige tilfang samla inn mellom 1985 og 1988 og supplert i 2003 og 2004. Namnetolkingane byggjer på eldre, tradisjonell uttale, eit stort tilfang eldre skriftformer, opplysningar frå lokalkjende heimelsfolk og på namnevitskapleg og lokalhistorisk litteratur.

Innhald

Innleiing

Namnetilfanget

Uttale

Oppslagsformer

Laust samansatte namn

Topografiske ord

Matrikkelgardane i Øystre Slidre

Heimelsfolk

Stadnamn i Øystre Slidre

Forkortingar

Litteratur og kjelder

Lydskrift

 

Tom Schmidt (f. 1948) er dr. philos. og professor emeritus i namnegransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har tidlegare gjeve ut Nøvn austa åsen. Bustadnamn i Øystre Slidre (2005) og Nøvn vesta åsen. Bustadnamn i Vestre Slidre (2009) og skrive artiklar om namn i Øystre Slidre. Han har elles gjeve ut 14 band i serien Bustadnavn i Østfold (1994–2021), som byggjer på eit manuskript etter Kåre Hoel (1922–89).

Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-151-1, 290 sider, heftet, format: 17x24 cm, vekt 0,8 kg,
publiseringsår 2024, språk: nynorsk


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid