Rindal, Magnus: Brev frå Opplanda frå før 1350

Rindal, Magnus: Brev frå Opplanda frå før 1350

  • 187,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Dette arbeidet om skrivemiljø og språkform i brev frå Opplanda før 1350 er gjort medan eg var leiar for prosjektet «Grammatikk over gammalnorsk språk omkring år 1300 (1250-1350) », som Norges almen vitenskapelige forskningsråd gav stønad til. Materialet for arbeidet var originalbrev. Både Avdeling for norrøn filologi ved Nordisk institutt, Universitetet Bergen, og Avdeling for gammal- og mellomnorsk ved Norsk leksikografisk institutt (NLI), Universitetet i Oslo har samlingar av fotografi av brev frå mellomalderen. Eg har bruka begge desse samlingane. Dessutan har eg hatt mykje nytte av dei avskriftene av mellomalderbrev som ligg ved NLI.

Den største delen av dette arbeidet er utført medan eg hadde arbeids plass ved NLI. Eg takkar medarbeidarane ved Avdeling for gammal- og mellomnorsk, Bjørn Eithun, Finn Hødnebø og Erik Simensen, for hjelp og råd. Ei takk går òg til Karin Fjellhammer Seim, som har lese ein korrektur før boka blei prenta. For alle feil ber eg åleine ansvaret.

Oslo, august 1980

Magnus Rindal
Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid