Øveraas, Morten: Kristendom og norskdom

Øveraas, Morten: Kristendom og norskdom

  • 435,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Kun -7 igjen!

Grundtvigianarar, folkehøgskolar og kristeleg nasjonalisme i Noreg ca. 1810-1920

Kvifor er mange symbol ved norsk nasjonalitet kopla til kristendommen? Flagget består av ein kross og på nasjonaldagen ber ein Gud om å signe landet. Denne boka undersøker tilhøvet mellom kristendom og nasjonalisme i ein formativ periode av norsk historie: Det lange og innhaldsrike tidsrommet mellom Napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet og etterdønningane av første verdskrig på 1900-talet. I denne perioden dominerte kampen for politisk og kulturelt sjølvstende dagsorden, og tilhøvet mellom kristendom og norskdom var eit tema med stort konfliktpotensiale.

Boka framhevar og granskar ei særskild gruppe nasjonsbyggjarar: grundtvigianarar og folkehøgskulelærarar. Desse bidrog i ein lang intellektuell tradisjon, best karakterisert som den kristelege nasjonalismen. Gjennom ei lang rekkje institusjonar, nettverk og offentlege ytringar, sette dei kristelege nasjonalistane eit markant preg på danninga av den moderne norske nasjonalstaten.

Innhald

Føreord
1  Innleiing
1.1  Grep, avgrensing og kjelder
1.2  Nasjonalisme og politisk eksistensialisme
1.3  Talehandlingar og politiske språk
2  Litteraturen om grundtvigianarar og folkehøgskular
3  Noreg – eit heilagt land?
3.1  Napoleonskrigane
3.2  Gud i verdshistoria
3.3  Grundtvigianarane og 1814
3.4  Nasjonalpatriotiske synder
3.5  Danske rettsbrot eller norsk avmakt?
3.6  Samanfatning
4  Folkevener mot folkefiendar
4.1  Prest mot filosof
4.2  Gudsfrykt og folkekraft
4.3  Liberalismen og den nordiske krafta
4.4  Grundtvigs opprop til Noreg
4.5  Tiltak for folkeleg opplysning
4.6  Finlappar og lukkefreistarar
4.7  Samanfatning
5  Til strid for Gud og folk
5.1  Med krigerske blikk på det norske folkeliv
5.2  Folkeleg vekking på kristeleg grunn
5.3  Frå Ole Vig til Olaus Arvesen
5.4  Folkehøgskulane og 1864
5.5  Framandkrigaren på Romundgard
5.6  Danning av Guds soldatar
5.7  Samanfatning
6  Lutheranarar, pelagianarar og republikanarar
6.1  Grundtvigianarar er lik pelagianarar?
6.2  Lutherske folkehøgskular
6.3  Folkehøgskulemøtet i Kristiania
6.4  Kristmenn, kongsmenn, bondemenn
6.5  Republikanske forviklingar
6.6  Samanfatning
7  Germansk renessanse
7.1  Folkehøgskular mobiliserer
7.2  Meininga med Folkelige Grundtanker
7.3  Mottakinga av Folkelige Grundtanker
7.4  «vor nye Savonarola»
7.5  Kulturstrid på Stortinget
7.6  Kva ville Grundtvig gjort?
7.7  Samanfatning
8  Nasjonaldemokratisk splid
8.1  Den kristelege agrarnasjonalismen
8.2  Positivistiske utfordringar
8.3  Kløyvinga av Venstre
8.4  Profeten Samuels lærdom
8.5  Folkehøgskulelæraren vert prest
8.6  Samanfatning
9  Kristendom og norskdom
9.1  Kristeleggjeringa av norskdomsrørsla
9.2  Bondeungdom mot Bjørnson
9.3  Unionsoppløysinga og dagen derpå
9.4  Norskdomsprofetane
9.5  Samanfatning
10  Avslutning
10.1  Samanfatning og funn
10.2  Tofasemodellen
10.3  Kristeleg nasjonalisme i Noreg
11  Kjelder og litteratur
11.1  Trykte kjelder
11.1.1  Aviser og tidsskrift
11.1.2  Stortingstidende
11.1.3  Bøker, artiklar og skrifter
11.2  Litteratur

Morten Øveraas (f. 1991) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet, Molde. Han er utdanna ved NTNU – Trondheim, Universitetet i Oslo og Universitetet i Stavanger. Øveraas har særleg forska på og publisert artiklar om emne innan politisk og religiøs historie.


Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-122-1, 378 sider, innbundet, format: 18x25 cm, vekt 1 kg,
publiseringsår 2023, språk: nynorsk


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid