Klæbo, Jon: Nordlandsliv. Utg. Hans H. Skei

Klæbo, Jon: Nordlandsliv. Utg. Hans H. Skei

  • 285,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Tekstar frå Nordland

Jon Klæbo (1839–1874) var fødd på Glein på Dønna. Han tok ­lærareksamen ved seminaret i Tromsø i 1859. Etter ei tid som huslærar i Lyngen reiste han til Christiania der han tok examen artium i 1864 og førebuande prøver til universitetet året etter. 

Klæbo var djupt religiøs, og tok tidleg landsmålet i bruk sjølv om han skreiv artiklar og bokmeldingar på dansk. Skrivinga tok etter kvart mykje tid, og ved sida av arbeidet som lærar, blei det lite tid til teologistudiet. Tæringssjukdomen mot slutten av 1860-åra gjorde at han i 1871 måtte flytte til Hardanger i håp om å bli frisk. Han døydde like før 35-årsdagen, og er gravlagd på Kinsarvik kyrkjegard.

Nordlandsliv inneheld dei litterære tekstane Klæbo skreiv om og frå Nordland – det aller meste på landsmål og det meste klårt rotfesta i det landskapet han reiste frå og sakna sårt. Boka inneheld også ein omfattande biografi om Klæbo. Språkleg er tekstane ført over til moderne nynorsk. Utgåva er ved Hans H. Skei, som sjølv kjem frå Dønna.


Innhold

Forord

Jon Klæbo – liv og dikting
Innleiing: Om forvaltinga av Jon Klæbos biografi og dikting
Jon Klæbos biografi
Utvalet av dikt og forteljingar

Dikt
For Nordland
Nordland
Nyttårshilsen til Helgeland
Ho mor får lofotfolket sitt heim
Innmed land
Borte frå heimen
Gleinssongen
Nordlandsliv
Til min mor
Til pastor Dometius

Forteljingar
To dagar i Nordland
Ho Dun-Sesel
Til Jul
På reina – over fjorden

«Nye» tekstar av Jon Klæbo
Ei rispe frå Nordland
Brev frå Nordland (1)
Brev frå Nordland (2)
Brev frå Lofoten 129

Tilleggsmateriale – tekstar om Jon Klæbo
Olav Lofthus: Eit minneblad
Margreta Lutro: Jon Klæbo i Hardanger
Hans B. Klæboe: Noko om Glein – fødestaden til Jon Klæbo

Samla oversyn over tekstar av Jon Klæbo
Litteraturliste


ISBN 978-82-8390-009-5, 148 sider, heftet
Format: 14x22 cm, vekt 0,3 kg, publiseringsår 2018, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid