
Igland, Alf Kjetil: Truskap - Rettferd. Ei bok om Magnhild Hagelia
Magnhild Hagelia (1904-1996) var frå Gjerstad, der ho i unge år var særs aktiv i ungdomslaga og ein forkjempar for fråhald og nynorsk. Ho var ein kulturberar av dei sjeldne. Frå 1935 kom ho med i Arbeidarpartiet, der ho snart fekk leiande verv lokalt og på fylkesplan. Som forsyningsleiar i heimkommunen under krigen synte ho store administrative evner og sette seg i respekt for sin klokskap og handlekraft.
På stortinget (1960-1965) braut ho mange barrierar. Mest merksemd fekk ho i 1962 då ho som første kvinne leia eit møte i nasjonalforsamlinga (biletet), men ho var òg den første kvinna frå Agder på Stortinget. Ho kjempa for kvinners rettar og for at dei måtte engasjere seg i politikken. I tillegg til hjartesakene sine arbeidde ho mykje med bustadspørsmål, særleg for einslege kvinner. Hagelia var overtydd sosialdemokrat og trudde på eit samfunn med plass til og velferd for alle. Ho var djupt forankra i partiet, men sjølvstendig og røysta mot leiinga om ho fann det rett.
På 1950-talet flytta ho til Fjære ved Grimstad, der ho etter stortingsåra engasjerte seg i lokalpolitikken medan ho skjøtta arbeidet hos Fylkesrevisoren. I pensjoniståra arbeidde ho mykje med lokalhistorie frå Fjære og Gjerstad. Ho blei ein skatta føredragshaldar og kåsør på tvers av alle skilleliner. Hagelia blei felleseiget «Magnhild».
Konsulenten skriv: Manuskriptutkastet til biografien om Magnhild Hagelia byggjer på eit grundig arbeid, og forfattaren kastar nytt lys ikkje berre over livshistoria hennar, men også over Norge sett frå Agder og norsk historie i etterkrigstida.
Innhald
Prolog
Del 1 Formande ungdomsår
Ungdommens Magnhild
Av rettskafne folk – Hjuring – Skogskommune – Gryting-grenda – «höi, slank, mörk» – Ungdomstida – Nye impulsar – Målkvinne – Totalist – «Guten min» – Gjersdøl og egde – Skrolle-kunsten – Bladfyk
Gjerstads Magnhild
Mykje fatitgdom – Gjerstad konkurs – Nasjonal kriseplan - Kvinnas plass – Handelsfullmektig – Lokalpolitikar – Frilynd kristen – Solidaritets-kjensla – Krigens tunge år - Forsyningsleiar
Del 2 Travle stortingsår
Første kvinne frå Agder
Vegen til Stortinget – «Talte ikke i utide» – Bondeparagrafen - Nesten statsråd – Likestilling – Varapresidenten – Kvinnelege prestar – 50 mann og Hagelia – Husmoras tid – «Hjemmetjeneste» – Husmorferie – Sterke kvinner – «Ikke helt unge kvinner!» – Revisoren har ordet – Einslege og husvære – Abortlov – Gruppestyret – Kings Bay-saka – Brotsverk og våpen – Kunstnarløn – Fråhaldssaker – Skipsdåp i brønnvatn – På heimebane – Hugsa dei lågtløna – Statleg økonomi – Jubileumsformann – Feiring på heimebane – Dialektprisar – Vogt-komiteen – Kvinners beredskap
Ombod
Rysta over Cock-tail – Medaljar – Kommune-saker – Utan arbeid og bustad – Kommunikasjonar – Industri-saker – Skolesaker – «Hagelia å takke» – Moms på bedehus – Litt leik og moro – Nasjonalpark – Sjuk kar i Australia – Personlege saker – Trygd og skatt
Europear
Nordisk Råd – Boksing – Sommartid – Interparlamentarisk Union – Kommunalkonferanse – Kamp for fangar – Utviklingshjelp – Påskeopprørar
Lokale saker
Helsehus – Minnetale over tollbua – Den heilage strandlinja
Sluttstrek
«Kunnskap skal styre» – Storting og småting – Bondejente – 1. mai heime
Del 3 Aktive pensjonistår
Siste etappe
Revisoren – «Nygaardsvold» – Lokalpolitikar – «Fylkesmoder» – Brubyggar – Då Borten kom – Lobbyist – På stand for EF – Ny sjukeheim – Kongeleg riddar
Familietante
Nøysam og raus – Farleg bilist – Slektsgranskar – Sogeskrivar – Forteljar – Tradisjonsberar
Siste år
I rullestol – På sokkel – Heime – Varige fotefar
Takk
Appendiks
Referansar og noter
Personregister
Litteraturliste
Alf Kjetil Igland er født i Fjære i 1949 og utdannet journalist og filolog. Han har hatt stillinger og verv i mediebedrifter og akademia. Som pensjonist er han aktiv som forsker og sakprosaforfatter. I 2018 (lansert 2019) gav han ut biografien Brukseieren, Mons Fuhrs liv og virke supplert med et bind med brev og artikler, Brukseieren II. I 2024 kom Brukseieren III og nå Truskap - Rettferd. Ei bok om Magnhild Hagelia.
Finnes i følgende formater:
Papirbok: ISBN 978-82-8390-172-6. 608 sider, innbundet, format: 17x24 cm, vekt 1,5 kg, publiseringsår 2025, språk: norsk nynorsk